Hopp til innhold

Åtvarar om snøskredfare i fjellet

Mykje laussnø i fjellet gjer at varslingstenesta varsom.no i dag kom med vinterens første snøskredvarsel.

Kart over Noreg. Deler av midt- og vestlandet er markert oransje, og nokre deler av sørvest- og innlandet er markert gult. I nord er det stort sett markert gult, med unntak av eit område rundt Bodø som er oransje.

ORANSJE FAREVARSEL: Torsdag skal det blåse opp i fleire fjellområde i landet, og aukar faren for skred.

Foto: NVE

Den siste veka har det kome fleire centimeter med snø over store delar av landet. Onsdag melder varsom.no om moderat farevarsel i fleire fjellområde.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) følg med på skredfaren i fjella, og har observatørar som sjekkar snødekket dagleg ved behov.

– Eg vil oppfordra dei aller fleste til å halde seg vekke frå snøskredterreng på torsdag, seier snøskredvarslar Jostein Aasen i NVE.

Jostein Aasen

SKREDVARSLAR: Snøskredvarslar i NVE Jostein Aasen.

Foto: privat

Snøskredterreng er snødekka terreng som er brattare enn 30 grader.

Turgåar Olav Sægrov fortel at han sjekkar farevarsla før han går på tur i fjella. Ein gong då han var yngre fekk han sjå korleis eit skred blei utløyst.

Han tenker seg ikkje ut på torsdag, men planlegg ein tur på fredag.

– Då skal eg ikkje gå i skredterreng.

Nysnø og vind

Torsdag kjem det inn ein del vind frå nord. Skredvarslar Aasen forklarar at den kalde og lette snøen vil blåse innover og danne hard og fersk foggsnø i sørvende terreng.

– Foggsnøen er ustabil og vil legge seg på eit snøterreng som ikkje toler så mykje, og då aukar skredfaren.

Områda med oransje snøskredvarsel torsdag er:

  • Salten
  • Trollheimen
  • Romsdal
  • Sunnmøre
  • Indre Fjordane
  • Indre Sogn
  • Voss
  • Hardanger
Mjølfonn Snøskred Luster Jostedalen Krundalen

TIDLEGARE SNØSKRED: I april i år gjekk dette snøskredet i Luster.

Foto: Eli Bjørhusdal

– All grunn til å vere på vakt

Skal du bevege den i skredterreng, oppfordrar Aasen deg til å sjekke snøskredvarsel og vindstyrken i området.

– Enten hald deg unna snøskredterreng, eller gå i laussnø for det er den det er best å gå på ski i uansett.

Er du på ein stad kor vinden ikkje får tak og lagar hard flaksnø, bør det vere greitt å gå tur.

– Høyrer du drønnelydar frå snøen eller ser at snøen sprekk opp under beina dine, er det all grunn til å vere på vakt, men er snøen laus og fin er det mindre risiko for lagdeling som kan utløyse snøskred.

utløyte snøskred Strynefjellet Grasdalen

UTLØYSING: Eit snøskred utløyst av forskarar som skulle finne ut korleis eit snøskred fungerer. Hastigheita blei målt til 50 meter per sekund. Biletet er frå Styrnefjellet i april i år.

Foto: NGI

Flest ulykker på ski

Fråvær av fareteikn som drønnelydar og sprekkar betyr likevel ikkje at det er trygt.

Det krev god kunnskap for å kjenne igjen svake lag i snødekket.

Sidan 2008 har 91 personar døydd i snøskred. Dei fleste ulykkene skjer medan folk brukar ski.

Snøskred kor menneske har døydd eller blitt teke av skred er registrert i perioden november til juni, men fleirtalet av snøskredulykkene skjer i mars.

Fire personar har døydd og til saman 48 personar har blitt teke av snøskred i månaden desember frå vinteren 2011–2012 til no.

I sesongen 2020–2021 har 9 personar døydd i snøskredulykker.

– Går ein utanfor snøskredterreng, er ein alltid heilt trygg uavhengig av snøskredfare. Skal du i skredterreng, må du gjere ei vurdering av snødekket, seier skredvarslar Aasen.

Du kan sjekke snøskredfaren og lære meir om snøskred på varsom.no.