Hopp til innhold

Ny rapport: Varmare klima kan gi dobbelt så mykje lakselus i fjordane

Havforskingsinstituttet har plotta FNs klimarapport inn i norske fjordar. Resultatet er urovekkande for norsk lakseproduksjon, meiner havforskar.

Kvamsøy i Hardanger tatt frå Aksnes i Kvam herad

UTFORDRING: Varmare temperatur i sjøen kan gi enno meir lakselus i fjordane våre. Her frå Kvamsøy i Hardangerfjorden, kor det nyleg er opna for oppdrett.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Førre veke kom den nye hovudrapporten frå FNs klimapanel.

Den stadfesta det forskarane allereie har varsla: Det blir meir ekstremvêr og ei berekna oppvarming av jordkloden på 1,5 grader innan 20 år, sjølv med djupe kutt i utsleppa.

Denne temperaturauken kan få konsekvensar for norsk lakseoppdrett, seier havforskar Anne Dagrun Sandvik til NRK.

Anne Dagrun Sandvik, forsker ved Havforskningsinstituttet

Anne Dagrun Sandvik, forskar ved Havforskingsinstituttet, seier det kan bli vanskeleg å drive berekraftig lakseproduksjon i framtida.

Foto: Andrea Ånestad

Havforskingsinstituttet har nemleg gjort sine eigne utrekningar for kva auka temperatur i vatnet kan ha å seie for mengda lakselus.

Enno verre enn det allereie er

Forskarane sine modellar viser at dersom temperaturen i sjøen aukar frå for eksempel ni til 11 grader, vil mengda lakselus bli dobla.

– Når det blir varmare i vatnet, vil lakselusa trivast betre. Og det betyr at det kan bli vanskelegare for oppdrettsnæringa å drive berekraftig, seier Sandvik.

På Vestlandet er situasjon allereie ille. Denne sommaren blir det meld om rekordhøg førekomst av lakselus i regionen, som har den største tettleiken av oppdrettsfisk i Noreg.

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

– Vi kan samanlikne det med covid-19. Det er vanskelegare å halde smitta nede i tett befolka område, sa havforskar Knut Wiik Vollset i Norce til NRK i juni.

Parasitt

Sandvik forklarer at berekraftig oppdrett er avhengig av at det ikkje er for stor smitte av lakselus frå oppdrettsnæringa og til villfisken.

Lakselus

LUS: Bildet viser lakselus på ein sjøaure. Bildet er tatt under årets lakselusovervaking i Austfjorden i Masfjorden kommune.

Foto: Bjørn Skår / Norse

– Problemet med lakselus er at det er ein parasitt. Viss det blir for mange av dei, kan det få ein helsemessig konsekvens for fisken, og den kan i verste fall døy, seier Sandvik.

Sandvik fortel at klimaendringane fører til at temperaturen i sjøen blir høgare, også i mai når villaksen vandrar frå elva og ut i havet for å beite.

Dermed blir det meir lakselus i fjorden viss vi held på som vi gjer i dag i eit framtidig klima. Det gjer at det blir vanskelegare i eit framtidig klima å drive berekraftig.

Vil ha berekraftig vekst

Regjeringa la i juli fram ein ny strategi som går ut på at dei vil ha ein femdobling av produksjonen av laks - innanfor berekraftige rammer.

– Er det mogeleg å få til ein berekraftig vekst i lakseproduksjonen?

– Eg har stor tru på at vi skal få til ein berekraftig vekst, men det vil krevje at vi får til eit godt samarbeid mellom forsking, næring og forvaltning, seier Sandvik.

Ho legg til at berekraftig vekst er viktig fordi det vil gi økt produksjon av marin mat til ein stadig aukande verdsbefolkning.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) seier laksenæringa har stor interesse av å bli kvitt luseproblemet, slik at dei kan nå målet om berekraftig vekst.

Odd Emil Ingebrigtsen

Fiskeriminister Ingebrigtsen seier kundane i framtida kan krevje bevis for at laksen er berekraftig produsert.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Fleire produsentar slit allereie med mykje lakselus. Blir du uroa for deira framtid med ein slik rapport?

– Vi har ganske strenge reglar i dag for mengda lakselus. Her på Vestlandet måtte vi ta ned lakseproduksjonen på grunn av at det er for mykje lakselus. Det viser jo berre at det er enda viktigare at vi får løyst den utfordringa i åra framover, svarer Ingebrigtsen.

– Ein samansett situasjon

Sjømat Noreg er interesseorganisasjonen til sjømatnæringa. Dei vil ikkje bruke funna til Havforskingsinstituttet som ein fasit.

Kommunikasjonssjef Øyvind André Haram seier det er ein samansett situasjon.

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

Øyvind André Haram i Sjømat Noreg seier det er vanskeleg å spå framtida.

Foto: SJØMAT NORGE

– Vi veit frå tidlegare at viss det blir for varmt i vatnet, får lusene kortare levetid og kan lettare døy. Og så er det sånn at Noreg er eit langt, langt land. Det er ingen tvil om at det er geografiske skilje, seier han.

– Er du uroa for økonomien til oppdrettarane?

– Hadde eg visst noko om korleis morgondagen i havbruket blir, hadde eg tent meg rik. Det er masse utfordringar som vi ikkje veit nok om i dag. Derfor er det viktig at vi jobbar tett saman med forskarane, så finn vi løysingar på dei utfordringane som er der.