Hopp til innhold

Ny overnattingsrekord i Noreg

Ny statistikk frå SSB viser rekordmange overnattingar i Noreg i juni.

Kjersti Kvamme og datteren Rebecca stuper i Lovatnet. Bildet ble delt på Instagram, og har igjen blitt delt tusenvis av ganger over hele verden. Det ble senere også brukt i en reklamekampanje for Renault sommeren 2020.

LODALEN: – Etter at reiserestriksjonane vart fjerna ser vi at talet på utanlandske overnattingar i juni nærmar seg nivået i 2019, seier Boyd Oyier i SSB.

Foto: Kjersti Kvamme

Overnattingsstatistikken frå SSB viser at det var 4,5 millionar overnattingar i juni. Det er det høgaste juni-talet som nokosinne er målt.

I alt viser tala at det var 1,8 millionar fleire juni-overnattingar i år samanlikna med i fjor, ein auke på 64 prosent.

Det er gledeleg at utlendingane er tilbake i Noreg etter to år med pandemi, sjølv om vi ikkje er tilbake på 2019-nivå på grunn av bortfallet av dei turistane frå Asia, seier Audun Pettersen, som er leiar for Virke Reiseliv.

Utanlandske overnattingar auka med 1,3 millionar og var berre 7,2 prosent lågare enn i 2019, året før pandemien.

Tallet på overnattinger
Foto: NHO Reiseliv

Nærmar seg nivået i 2019

2,7 millionar hotellovernattingar var det som bidrog mest til det høge talet.

– Etter at reiserestriksjonane vart fjerna ser vi at talet på utanlandske overnattingar i juni nærmar seg nivået i 2019, seier Boyd Oyier i SSB.

Til saman er det 110.000 færre gjestedøgn frå Kina, Japan og Sør-Korea samanlikna med juni 2019.

Medan talet på overnattingar frå Tyskland og Sverige er på same nivå som før pandemien.

– Utlendingane er tilbake på campingferie i Noreg, mange campingplassar melder om særskilt stor auke i talet på gjester frå Tyskland og Nederland. Ikkje uventa var det færre nordmenn som reiste på campingferie i juni i år enn i fjor, seier Boyd Oyier.

Alexandra hotel

Hotelldirektør i bygda Loen i Stryn kommune, Richard Grov, tolkar juni-tala som ei «tilbakevending til det normale».

Foto: Fjord Norway

Litt bingo å drive med reiseliv på vestlandet

Hotelldirektør i bygda Loen i Stryn kommune, Richard Grov, tolkar juni-tala som ei «tilbakevending til det normale».

Vi merkar at aktiviteten tek seg opp, og det er vi veldig glade for.

Han viser til stor pågang frå europearar («særleg engelskmenn og ein god del svenskar»), men at asiatane framleis leit vente på seg.

Dei vil nok bruke litt lengre tid.

I fleire kinesiske storbyar er folk framleis underlagt strenge koronarestriksjonar, og så seint som i juli vart fleire titals millionar menneske sett i lockdown etter eit nytt utbrot av covid-19 i storbyane Shanghai og Xi'an.

I tillegg kan flyforbodssona over Russland/Ukraina verre ein del av forklaringa.

I nord gleder NHOs regiondirektør Daniel Bjarmann-Simonsen seg over at det for 4. månad på rad vart overnattingsrekord for reiselivsbedriftene i nord.

– Etter to beintøffe år for bedriftene er den positive utviklinga sårt tiltrengd, seier han.

Reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland, seier til Bergens Tidende at direkteruta mellom New York og Bergen har gjort det «veldig enkelt og sutlaust for amerikanarane å tura over til vestlandet».

Utlendingane er tilbake. Men den våte sommaren gjer at det ikkje går like godt for campingplassane. Det er litt bingo å drive med reiseliv på vestlandet, seier han til NRK.

Overnattinger etter innkvarteringstype
Foto: NHO Reiseliv

(Tal i millionar per månad.)