Det skapte furore på Vestlandet i fjor, då det vart kjent at Samferdsledepartementet såg på moglegheiter for å bygge ny E16 og jernbane til Voss etappevis og delt.
Prestisjeprosjektet har frå starten blitt planlagd i samarbeid mellom Bane Nor og Statens vegvesen. Målet har vore felles utbygging av den ras- og ulukkesutsette strekningen frå Arna til Trengereid, Vaksdal og Stanghelle.
Men prislappen er på rundt 25 milliardar kroner. Plassen i komande Nasjonal transportplan (NTP) er trang.
Eitt av alternativa som er komen på bordet, er å utsette utbygginga av jernbanen heilt og kun begynne med ny europaveg mellom Trengereid og Stanghelle, der rasfaren er størst.
PLANEN: Slik blir dei nye traseane for E16 og Vossebanen vestover frå Arna i Bergen. Her er forslaget om stegvis utbygging og byrje med E16 på siste del av strekninga (markert grønt). Resten blir bygd i ein seinare etappe (markert raudt).
Foto: Skjermdump / Statens vegvesenVil koste 4,5 mrd meir
Det er ingen god idè, ifølgje dei som planlegg utbygginga. Like før jul sende Vegvesenet og Bane Nor sitt forslag til reguleringsplan til departementet.
«Det kan stillast spørsmål om det er forsvarleg med tanke på kostnad å skulle bygge dette prosjektet med å starte med E16 Trengereid – Helle som første byggetrinn», heiter det i forslaget.
Ved samla utbygging med jernbanen ville vegstrekningen ha kosta 8 milliardar kroner. Ved å kun bygge ny E16 som første byggetrinn, forsvinn fordelane med felles utbygging.
Og prisen stig til 12,5 milliard.
– Det er ein meirkostnad på 4,5 milliardar kroner. Det er først og fremst eit politisk spørsmål om ein ønskjer å prioritere prosjektet slik. Men det er klart at det blir veldig store kostnadar om ein gjer det på denne måten, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen til NRK.
På oppdrag frå Vegdirektoratet, sit dei no og reknar på kostnadane på nytt, for å kvalitetssikre dei inn mot arbeidet med ny NTP.
TO SKRED PÅ 14 DAGAR: På desse hundre meterane av E16 gjennom Vaksdal gjekk det to store skred i mai 2015. Eit lokaltog med 40 passasjerar måtte bråstogge då jordmassane kom ned frå den bratte fjellsida.
Foto: Helene Wiese-Hansen / NRKGlad for tydeleg melding
Også utbyggingstida vil auke. Å kun bygge ny europaveg på denne strekninga vil ta seks år. Skal ein så byrje på resten av prosjektet etterpå, vil det ta ytterlegare sju år.
Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) har sjølv vore passasjer om bord i eit tog som var nær ved å bli tatt av jordskred. I mange år har han kjempa for ny veg og bane mellom Bergen og Voss.
- Det er godt å høyre så klar tale frå fagetatane. Om dei kun går for vegen, så gjer dei berre halve jobben, til ein høgare pris. Så eg meiner den ideen må skrotast, seier Ringkjøb..
FELLES UTBYGGING: Planleggarane i Vegvesenet og Bane Nor viser til at det er ei rekke fordelar med samtidig utbygging. Tunnelane for tog og biltrafikk skal på store delar av strekninga gå parallellt, og dei kan difor nyttast som rømningsvegar for kvarandre.
Illustrasjon: Statens vegvesen/Bane NorForeslår å vente med deler av vegen
Om ikkje fullfinansiering er aktuelt i ny NTP, løftar Vegvesenet og Bane Nor derfor opp eit anna alternativ for oppstykking av prosjektet:
- Nemleg å utsette utbygging av ny veg mellom Arna og Trengereid
- Bygge heile jernbana frå Arna til Stanghelle, med felles utbygging av ny E16 på siste del av strekningen frå Trengereid.
Men det er kostnadsrekna til 21 milliardar kroner.
Dette vil sikre trygg veg der det i dag er størst skredfare, samt at togpassasjer vil få halvert reisetida ned til kring 15 minutt frå Stanghelle og inn til Bergen.
- Viss det er det som må til, så er det ei løysing vi kan akseptera, seier Ringkjøb.