Hopp til innhold

E16 kan bli utsett: – Det skaper frykt, uro og mistillit til politikarar

Utbygginga av den rasutsette E16-strekningen mellom Bergen og Voss kan bli utsett. Statens vegvesen trur oppstarten blir i 2024.

Laila Himle fremst i fakkeltoget for E16

FØRSTE AKSJON: Laila Himle fremst i fakkeltoget for E16 på Stanghelle i 2015.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– No er det nok. Vi får atter ein gong ein sprekk som atter ein gong skal true igangsetting. Det må politikarane ta på sin nattesvevn, seier Laila Himle, leiar for aksjonsgruppa «Ny E16 Bergen-Voss no», til NRK.

– Dette handlar om å komme i live fram til skule og jobb, ikkje å komme fram fortast mogleg, held ho fram.

Himle reagerer sterkt på at utbygginga av den rasutsette E16 mellom Bergen og Voss truleg blir ytterlegare utsett med to år etter kostnadsoverskridingar, slik Statens vegvesen uttala til TV 2 laurdag.

– Det skaper både frykt, uro og ein mistillit til politikarar, seier Himle.

– Minst eitt år forseinka

Utbygginga blei vedteken av regjeringa i 2015 og er utsett fleire gongar. Blant anna skal det bli bygd firefeltsveg og dobbeltspor til tog.

Vegen blir nytta av over 4 millionar passasjar årleg og er ein av hovudvegane mellom Bergen og Oslo.

I 2018 blei strekninga kåra til Noregs verste veg i ei uoffisiell kåring i regi av NRK. Det endra ikkje planane til staten for når vegen skulle bli ferdig.

Planlagt byggestart skulle eigentleg ha vore i 2022, men no trur Vegvesenet at det realistiske startskotet går i 2024.

– Det er i alle fall eitt år forseinka. Minst, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm til TV 2.

Til NRK forklarar han det med at finansieringa og politiske vedtak ikkje er på plass for at ein kan starte med noko før den tid.

– I og med at vi ikkje har fått vedtaka vi treng for å få lagt ut reguleringsplanen, er det svært truleg at det blir forseinkingar, seier Søderholm.

Flomskred ved Bolstad som stengte E16 29.08.2019.
Foto: Ingjerd Martinussen / Statens vegvesen

Vurderer å bygge ut stegvis og delt

Statssekretær Ingvild Ofte Arntsen (KrF) seier til NRK at Samferdselsdepartementet har mottatt ei vurdering frå Statens vegvesen om vidare framdrift i fellesprosjektet Arna-Stanghelle.

– I vurderinga kjem det fram at det kan vere aktuelt å bygge ut Arna-Stanghelle i etappar, dersom ikkje heile fellesprosjektet lar seg finansiere.

Då er strekninga Trengereid-Helle mest aktuell å prioritere.

– Dette gjer at vi får betra den mest skredutsette delen av vegen.

Samferdselsdepartementet er i gong med å gjennomgå vurderinga frå Vegvesenet.

– Vi håpar å kunne gi ei tilbakemelding til etaten så fort så mogleg. Det vil derfor ikkje vere naturleg å kommentere mogleg oppstartsår for prosjektet på noverande tidspunkt.

Stortingsvedtak i vasken

Himle har sidan 2015 aksjonert for å fikse strekninga snarast. Kort tid etter kom dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på vitjing til Bergen om saka og lova ny E16 for første byggetrinn – mellom Arna og Stanghelle – med byggestart 2021.

To år etter kom statsminister Erna Solberg på besøk og forsøkte å utsette draumen om byggestart til 2024.

– Då starta vi fleire aksjonar og eg fekk med meg fleire. På Debatten på NRK sa Ketil Solvik-Olsen til meg at vi kunne begynne med å bygge på vegen i 2022, men vente med bana til 2023, seier Himle.

Stortingsfleirtalet vedtok også i Nasjonal transportplan frå 2017 at ein skulle sikte seg inn mot 2022 som oppstartsår.

Utfordrar Hareide

Aksjonistgruppa finn det heilt uakseptabelt om oppstarten blir forseinka likevel.

– Det må finnast grenser for kor mykje politikarane har lov til å lyge i ein og same sak. Det må finnast ein balanse i samfunnet for å ha respekt for veljarane og folket sitt. Viss ikkje må ein faktisk vurdere stillingane sine, torar Himle.

Ho peikar på dei mange rasa som har gått på strekninga dei siste åra.

– Det går ikkje an å utsette. Politikarane kan ikkje ha fleire liv på samvitet. Eg forstår i alle fall ikkje korleis dei får sove godt om natta, seier ho.

No utfordrar ho samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til å sikre at oppstarten på vegarbeidet blir i 2022.

– Eg forlanger at han dreg ballen vidare og klarar å få dette realisert. Alt forarbeidet er gjort, seier aksjonisten.

Tre milliardar i auka kostnadar

Vegvesenet har jobba i eit par år med å finne innsparingar på prosjektet. No har dei derimot funne ut at prosjektet vil koste rundt 25 milliardar kroner, i staden for 22 milliardar. Byggetida er anslått til åtte-ti år.

– Vi føler at vi har gjort vår del av bestillinga. No er det politiske vedtak som kan ta prosjektet vidare, seier Søderholm i Statens vegvesen.