Hopp til innhold

Ny maratonforelesing på NRK: Han skal hoppe etter Frank Aarebrot

Fascismen er tema når UiO-professor Bernt Hagtvet held direktesendt 200-minuttsforelesing på NRK. – Mange trudde fascismen var død. Men no vi ser eit slags «deja vu».

I et direktesendt foredrag fra Universitetsaulaen i Bergen gir professor i statsvitenskap, Bernt Hagtvet, oss svar og innsikt. Dette er den aller første Aarebrotforelesningen for å hedre den muntlige formidlingstradisjonen som Frank Aarebrot sto for.

FASCISMEN: Sjå førelesinga frå Universitetsaulaen i Bergen. «Fascismen på 200 minutt» med professor Bernt Hagtvet.

Fredag kveld går den første av Frank Aarebrots minneforelesingar av stabelen. Denne helga er det eitt år sidan den kjende professoren og statsvitaren gjekk bort.

Få trudde det var mogleg å lage engasjerande, direktesendt fjernsyn av ein professor og ein powerpoint-presentasjon, men maratonsendingane med Frank Aarebrot vart svært populære.

Forelesingar om 200 år med norsk historie på 200 minutt, andre verdskrig på 200 minutt og 227 år med amerikansk valkamp på like mange minutt, sende Aarebrot for alvor inn i stovene til det norske folk.

Frank Aarebrot foredrag om Norgeshistorien 1814-2014

POPULÆRT: Søndag er det eitt år sidan Frank Aarebrot døde. Her frå ein av dei populære maratonforelesingane hans på NRK.

Foto: Heine Aarbø

Fascisme på 200 minutt

Fredagens minneforelesing er den første av det som skal bli ein årleg tradisjon for Universitetet i Bergen, der Aarebrot var tilsett.

Den er eit samarbeid mellom UiB, Aarebrot sin familie og Studentersamfunnet i Bergen. NRK sender den direkte på NRK2 frå klokka 19.55. Det er professor Bernt Hagtvet ved Universitetet i Oslo som skal halde forelesinga.

– Frank var ein folkeleg, varm og flott akademikar som eg saknar nesten kvar dag. Dette er ei stor ære, seier Hagtvet om det å vera først ut.

– Hensikta er å kunne halde ved like den munnlege forelesingsforma til Frank. Han inspirerte og førte studentane fram og tok dei med på ein erkjenningsprosess.

Du kan følgje forelesinga direkte frå klokka 19.55 i toppen av artikkelen.

Marte Rommetveit, Bernt Hagtvet og Emilie Byermoen

SENDING: Marte Rommetveit frå NRK (t.v.) og Emilie Byermoen frå Studentersamfunnet er programleiarar for sendinga fredag kveld. Bernt Hagtvet skal forelesa i 200 minutt.

Foto: Thomas Hellum / NRK

BT-redaktør: – Viktig og aktuelt tema

Tittelen på kveldens direktesende forelesing er «Kommer fascismen tilbake?».

– Mange trudde fascismen var død. Men no vi ser eit slags «deja vu». Det kjem tilbake element frå europeisk fascisme. Det i seg sjølv er både moralsk og fagleg interessant, seier Hagtvet.

På søndag, eitt år etter Aarebrot sin død, er det val i Sverige. Både der, og elles i Europa er det vekst i fascistiske miljø

Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen, seier temaet for kveldens Aarebrot-forelesing er høgaktuelt, og viktig.

– Det er stor spenning, og tendensar til vekst i slike miljø fleire stader, noko som er veldig ubehageleg. Det er et riktig og viktig tema å ta opp i ei slik forelesing.

Ho gler seg til å høyre Hagtvet, som ho omtalar som ein dyktig formidlar, snakke om temaet. Gudbrandsen tykkjer også det er viktig å kvart år markere Frank Aarebrots formidlingsevner med ei minneforelesing.

– Aarebrot var ein inspirator, og som viste andre forskarar kor viktig det er å prioritera formidling.

Vi følger Aarebrotforelesningen minutt for minutt: