Hopp til innhold

Ny kamp i retten i festbot-saka

Det er klart for ein ny runde i retten i festbotsaka i Bergen, melder BT. I november slo Høgsterett fast at byrådet i Bergen ikkje gjorde noko medisinskfagleg gale då dei nekta fleire enn fem personar å samla seg til fest. To kvinner som fekk festbøter under pandemien hadde tidlegare blitt frifunne, men dette blei dermed oppheva. Fordi kvinnene ikkje går med på å betala bøtene, blir det ny ankerunde i Gulating lagmannsrett. Statsadvokat Rudolf Christoffersen seier til avisa at ein ny runde er unødvendig og litt misbruk av ressursar.