Hopp til innhold

Asfalten knust av vatn

I Angedalen i Førde var 200-300 menneske innesperra frå måndag kveld fram til i dag ettermiddag. Vegane på begge sider av elva var stengd grunna flaum.

Fylkesveg 481 var stengd på grunn av flaum på den eine sida av elva Anga. Denne er no opna.

Ein mindre veg er totalt øydelagt av store vassmengder som har brote seg opp under asfalten på den andre sida av elva.

Dette har ført til at fleire hundre menneske var innesperra.

Asfalten knust

Det såg mest ut som om eit jordskjelv hadde råka vegen på Grimeland i Angedalen. Vegen vart øydelagt i natt då store vassmengder slo seg inn under vegbana, og knuste asfalten. Asfalten er totalt smadra i om lag 30 meter.

Svært uvanleg situasjon

Alvhild Botnen har drive målestasjonen i Førde sidan 1979. Ho kan ikkje minnast at beggje vegane i Angedalen har vore stengd før.

– Det har kome 116,9 mm nedbør det siste døgeret. Så mykje regn kjem berre ein gong per 20-30 år, seier ho.