Hopp til innhold

NVE: – Dette er ein av dei mest snørike vintrane på lenge

SOGNEFJELLET (NRK): Det er uvanleg mykje snø i fjellet i Sør-Noreg. Fleire stader har det snødd så mykje at målestasjonane bukkar under.

På Sognefjellet strekker brøytekantane seg høgt. På målestasjonen til NVE er det målt godt over to meter snø.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på Sognefjellet måndag.

På Sognefjellet strekker brøytekantane seg høgt. På målestasjonen til NVE er det målt godt over to meter snø.

Fleire stader i fjellet i Sør-Noreg er det no mellom to og tre meter snø.

– Dette er ein av mest snørike vintrane vi har hatt på lenge, seier Heidi Backe Stranden, hydrolog i NVE.

På Sognefjellet, Hardangervidda, Filefjell og Vikafjellet snør målestasjonane ned. I Myrkdalen på Voss er det nesten tre meter snø.

– Målestasjonen der knekker grunna vekta av all snøen. Det er ikkje tvil om at det er mykje snø i fjellet både i Sør- og Nord-Noreg i år, seier Stranden.

Tyngre og meir kompakt snø

På Groset på Hardangervidda er det gjort målingar sidan 1970-talet. Her er det dobbelt så mykje snø som vanleg.

Stranden seier det spesielle i år er at snøen også er veldig tung.

– Når vi også måler kor tung snøen er og kor kompakt det er, så er inntrykket vårt at snøen er tyngre og meir kompakt enn vanleg, fortel ho.

Vil opne 2. mai

Terje Weka har brøyta vegen over Sognefjellet sidan byrjinga av 1990-talet.

– Det er ikkje mange gonger eg har sett liknande, seier han.

Terje Weka, brøytebilsjåfør på Sognefjellet

BRØYTAR VEG: Terje Weka brøytar vegen over Sognefjellet. Det er sjeldan å oppleve så mykje snø.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Etter planen skal vegen opne til 2. mai.

– Vi skal greie det, men det blir ei utfordring, seier Weka.

Anders Fortun har køyrt opp skiløyper på Sognefjellet sidan 1970-talet, men i år har han parkert trakkemaskina. Fordi det lett samlar seg mykje folk i skiløypene, har kommunelegen bestemt at det ikkje skal køyrast løyper.

– Det er litt rart. Men eg skjønnar alvoret i dette, og kommunelegen gjer det ikkje utan ein god grunn, seier Fortun.

Ikkje sett liknande

Fortun har vore i fjellheimen sidan han var gut. Sjeldan har han opplevd slike snømengder.

– Eg har ikkje sett liknande. Vi var kjempeoptimistar då vi gjorde klart til ny sesong. Det er litt skuffande at dette kom, men verkelegheita må vi rette oss etter, seier han.

Anders Fortun, Sognefjellet

PÅSKE UTAN SKILØYPER: Koronaviruset og smittefare gjer at Anders Fortun må la trakkemaskina stå denne påska.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Men når det ligg så mykje snø, kan det vere ei moglegheit for å forskyve sesongen utover.

– Det er ei moglegheit fordi det er såpass mykje snø. Det er korleis det går med epidemien som bestemmer det.

Lågare beredskap

Norsk Folkehjelp og Røde Kors har lågare beredskap i fjellet denne påska enn normalt. Koronakrisa og smittevernomsyn gjer at bemanninga er lågare og at hjelpa kan vere lengre unna. Organisasjonane ber folk difor velje kortare turar.

Hovudredningssentralen har tidlegare gått ut og bede folk droppe toppturane.

Også NVE oppmodar folk om å vere forsiktige.

– Når folk skal ferdast i fjellet oppmodar vi folk om å lese snøskred- og isvarsla på varsom.no før ein legg ut på tur, seier Heidi Backe Stranden.

Sognefjellet

MYKJE SNØ: På målestasjonen på Sognefjellet er det målt godt over to meter med snø. Dette bilete er frå Turtagrø.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK