Hopp til innhold

NVE ber folk vere varsame: Difor er det ekstra farleg i høgfjellet no

Toppturar i mai er meir populært no enn nokon gong før. Men samstundes aukar faren for livsfarlege snøskred.

Hurrungane 17. mai 2021

VAKKERT: Mange tok turen til topps i Jotunheimen 17. mai i år. Men geologen ber folk følgje nøye med på dei åtvaringane som kjem om skredfare.

Foto: Anders Månum

Medan mange av oss no drøymer om Syden og sommarferie, er det også mange som ikkje klarer å leggje frå seg toppturdraumen og skia no i mai.

I langhelga vi no har lagt bak oss, har folk nærast gått i kø innover i Jotunheimen. Men samstundes er rasfaren overhengande, bokstaveleg talt.

– Det har vore mykje folk i fjellet, seier Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Forklaringa på skredfaren er enkel: Snø og sol er ein skummel kombinasjon.

– Må tenke seg om

– Det vi har no er den første ordentlege oppvarminga av snødekket. Den kalde snøen med mange svake lag, blir gradvis oppvarma. Då blir dei svake laga svekka. Så brått går det store skred.

Det seier geolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Gustav Pless. I vintersesongen oppdaterer han skifolket på skredfare på varsom.no.

– Jotunheimen er det høgste fjellområdet og ligg langt inne i landet, så dette fenomenet kjem sist der. Det er der dei store skreda går no, seier han.

I Jotunheimen ligg 255 av Noreg sine 300 fjelltoppar over 2000 meter. Særleg er tindane i Hurrungane svært populære på denne tida av året.

På 17. mai gjekk det eit stort skred frå ryggen av Dyrhaugstind ned mot Ringsdalen. Ein stor redningsaksjon blei sett i verk. Det var ikkje usannsynleg at nokon kunne vere tatt.

– Folk må tenke seg nøye om når dei legg ut på tur slik forholda er no, meiner operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Mange vil til fjells

Det er geolog Gustav Pless heilt samd i.

– Denne typen skred er veldig vanskeleg å føresjå når dei går. Men det er mest sannsynleg at dei går på ettermiddagen og kvelden, når snødekket har blitt oppvarma på varme dagar.

Måndag ettermiddag var dei fleste fjellfolka på veg heim. Men det kjem snart nye fridagar, og då vil mange igjen setje kursen mot dei høgste fjella i Noreg.

Geologen har inntrykk av at dei fleste er flinke til å halde seg oppdaterte på skredfaren.

– Det er vanskeleg å vite når det skjer og difor kan det vere vanskeleg å forhalde seg til.

– Unngå bratt terreng

Her er skredvarslarane sine beste tips:

  • Hald deg oppdatert på varsom.no
  • Les heile varselet, ikkje berre sjå kva faregraden er
  • Bruk brattheits-karta til å planlegge turen din
  • Unngå bratt terreng, særleg etter at sola har fått varma opp snøen

Gustav Pless ønskjer alle ein god skitur, men minner om at det er viktig å vere varsam.

– Det finst jo andre område som opnar opp no, som til dømes Trollstigen. Så skisesongen kjem nok til å vare ei stund til, seier han.

Gustav Pless

ÅTVARAR: Gustav Pless er geolog i NVE.

Foto: Sissel Brunstad / NRK