Hopp til innhold

Avsluttar redningsaksjon: – Lite sannsynleg at nokon er tatt

Politiet trur no at det er lite sannsynleg at nokon har blitt tatt av det store snøskredet i Jotunheimen. Leiteaksjonen er no avslutta.

Skred i Jotunheimen

TO HELIKOPTER: Alt tilgjengeleg mannskap blei sendt til Hurrungane. Her er to helikopter i sving ved skredområdet.

Foto: Tim Maarten Riesen

  • Siste klokka 16.50: Søket i området er avslutta, trur ingen blei tatt av skredet..

– Den siste meldinga er at det er lite sannsynleg at det er folk i skredet, seier politiet sin innsatsleiar, Erik Skjerdal.

No melder politiet at den store redningsinnsatsen er avslutta utan at det er gjort funn av menneske i skredet.

Styrkar frå redningstenestene reiste inn i dalføret Ringsdalen mellom Dyrhaugstindane og Lauvnostind etter melding om snøskred, blant anna fleire med fleire lavinehundar.

Såg skiløparar

Skredet gjekk i eit populært fjellturområde i Jotunheimen.

– Første melding gjekk på at det var skispor i nærleiken av skredet. Det er det vi har sjekka grundigare ut no. Vi har hatt redningshelikopter og luftambulanse som har flydd over, seier Skjerdal.

Det syner seg at skispora ikkje var ferske. I alt 17 mannskap frå Hjelpekorps og tre hundeførar med hund har vore i aksjon.

Til Sogn Avis seier ein skiløpar at han såg fire personar renne ned mot skredområdet.

– Vi var på Dyrhaugsryggen og såg i alle fall fire personar som køyrde nedover i den bollen. Dei hadde god avstand og valde to ulike renner ned frå Lauvnostind, seier vedkomande til avisa.

Politiet styrer aksjonen. Operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt saat dei heller ikkje visste om det var folk i skredet.

– Men vi tar ingen sjansar og har trykt på den store, raude knappen, sa Rebnord.

STORE INNTRYKK: Mange har vore på tur i Hurrungane på nasjonaldagen.

Mange på tur i dag

På grunn av 17. mai-feiringa er det veldig mange på tur i Hurrungane i dag,

NVE si snøskredvarsling på varsom.no har meldt at det er betydeleg snøskredfare i området.

– Det er utfordrande tilhøve på grunn av ulike skredproblem. Unngå utløpsområde for våte flakskred i låglandet og ver varsame i område med nysnøflak i høgfjellet, melder dei.

Laster Twitter-innhold