Hopp til innhold

Klimaendringane gjer fjellet farlegare

Forskarar har funne ei tydeleg auke i talet på redningsaksjonar i Jotunheimen. Det vil gå fleire ras i framtida.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse på øving i fjellredning i områda rundt Bjorli i Innlandet

FJELLREDNING: Redning i bratte og ustabile fjellsider er krevjande sjølv for garva.

Foto: Stiftelsen Norsk Luftambulanse

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Evig snø og is har i tusenvis av år fungert som lim og halde fjell og bratte lier stabile. Men kva skjer nå når isen gradvis forsvinn?

– Permafrosten tiner nå raskt i høgfjellet, og det vil føre til fleire skredhendingar i bratte fjellparti, seier permafrostekspert Kjetil Isaksen ved Meteorologisk institutt.

Veslemannen i Romsdalen er eit av dei mest kjente rasområda som skuldast tap av permafrost. Men det er også påvist fleire andre stader i Noreg.

– Så lenge klimaet blir varmare og varmare så vil det gå fleire ras. Dette er ein konsekvens vi ikkje kan unngå, seier Bernd Etzelmuller ved Universitetet i Oslo.

Fjellpartiet Veslemannen i Rauma

VESLEMANNEN i Rauma kommune er det mest kjente skredet som skuldast tap av permafrost.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Nå har landets fremste klimaforskarar gått saman for å finne svaret på kva som skjer med høgfjellsnaturen når breane og permafrosten forsvinn.

Allereie nå, tidleg i forskinga, kan dei slå fast at varmare klima vil gjera det farlegare å ferdast i høgfjellet.

  • Desse fem klimasystema er i ferd med å nå eit kritisk vippepunkt. Det kan vere katastrofalt, ifølgje forskarar.

Førebur seg på masseskade til fjells

Kvart år får Jotunheimen besøk av om lag ein halv million gjester. Men stignettet som ligg der i dag, har ikkje tatt høgde for dei raske endringane i fjellet.

– Truleg skuldast auka i redningsoppdrag at det har vorte meir folk i høgfjellet, seier prosjektleiar ved Nasjonalt Kompetansesenter for fjellredning i Lom, Albert Lunde

Målet med forskinga er å sjå på kva type redningsoppdrag som kan oppstå når folk ferdast i dette endra landskapet, forklarar Lunde

Øving på masseskade til fjells som følge aV KLIMAENDRINGANE.

LOKAL REDNINGSTENESTE øver på masseskade til fjells. Her testar dei jekkar som kan løyse folk som sit fastklemt under steinras.

Foto: Norsk kompetansesenter for fjellredning / Albert Lunde

– Det er redningstenesta si oppgåve å førebu seg på det verst tenkelege, så dei lokale redningsgruppene er i gang med å trene på masseskade til fjells som følge av steinsprang og skred, seier Lunde.

Mai Bakken og Albert Lunde

ALBERT LUNDE (T.H), prosjektleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning koordinerer forskingsprosjektet. Her saman med dagleg leiar Erlend Borgen Aarsæther (TV) og Mai Bakken ved Norsk fjellsenter.

Ein rapport frå 2019 viser at heile 67 prosent av dei som besøker Jotunheimen er utlendingar.

Brorparten er unge folk mellom 15 og 34 år som ofte går mange ifølge og med lite eller ingen forkunnskap om tur i alpint terreng.

Noko av det forskinga skal avdekke er om dagens stignett går på stader som er utsett for skred og steinsprang.

Fjellredning i Jotunheimen

EKSTREMVÊR og endra landskap skapar nye utfordringar for fjellredningstenestene.

Foto: Christen Tellefsen

Lærer av ulykker i alpane

Dei alpine områda i sentraleuropa ligg fleire år før oss i utvikling, og Albert Lunde seier dei har mykje å lære av fjellredningstenesta der.

I 2022 omkom fleire turgåarar i dei italienske alpane då ein hengebre kollapsa.

Slike hengebrear er det også mange av i Jotunheimen, og når permafrosten forsvinn, vil desse også snart rase ut, meiner forskar ved UIO Bernd Etzelmuller.

– Dei heng der berre fordi dei har frose fast. Når permafrosten forsvinn kjem det vatn mellom fjellet og isen og hengebreane rasar ut.

Bernd Etzelmuller

FORSKAR Bernd Etzelmuller frå UIO meiner fleire hengebrear i Jotunheimen vil kollapse om klima stadig blir varmare. Nå rettleier han ein masterstudents som skal sjå på stignettet under hengebreane i Jotunheimen.

  • Nå finn ein ski, truger, piler og mystiske skrin på rare plassar. Dette er årsaka.

Ser landskapet endrar seg

Ulf Ryen er klatrar og fjellredningsmann i Alpine Redningsgruppe i Nord-Gudbrandsdalen. Han har berga fleire titals personar som har gått seg fast i krevjande terreng.

I turboka si har han dokumentert korleis fleire av dei kjente klatrerutene i Jotunheimen har endra seg.

Einar Brendryen og Ulf Ryen frå Nord-Gudbandsdal Alpine redningsgruppe under samtrening i Lom.

Ulf Ryen frå Nord-Gudbandsdal frå Alpine redningsgruppe under samtrening med Einar Brendryen og luftambulansen i Lom.

Foto: Einar Brendryen

– For 20 år sidan gjekk vi opp på Veobrehesten på ei bratt snøfonn. Da vi kom dit i fjor, vart vi møtt av ei djup smeltegryte og ein 20 meter høg bergvegg med overheng som hadde tina fram, seier Ryen.

Han meiner at landskapet nå endrar seg så fort at ein ikkje lenger kan stole på eldre turskildringar.

– Der det var trygt å gå opp for ti år sidan, kan det vera direkte farleg i dag. Det er skremmande å sjå kor fort ting endrar seg i høgfjellet, seier Ryen.

Ser for seg konsekvensane

Einar Brendryen har vore redningsmann for luftambulansen på Dombås i 13 år. Han har også registrert ei auke i talet på redningsaksjonar.

Mange av redningsoppdraga han er ute på går føre seg i krevjande høgfjellsnatur og bratt terreng.

– Om dei bratte fjellsidene blir meir ustabile, kan vi forvente at det går meir skred og ras, noko som vil påverke både min jobb og folk på tur i fjellet, seier Brendryen.

Han understrekar at han ikkje er forskar, og at han ikkje ser det heile bilete slik som dei.

– Men eg har ikkje problem med å sjå at dette kan bli ein konsekvens av mildare og meir ekstremt klima, seier Brendryen.

pE7D5uGhMK8

BREKOLLAPS som denne i Dolomittene i Italia, kan vi også vente oss her, seier forskar Bernd Etzelmuller ved Universitetet i Oslo.

Foto: ALPINE RESCUE SERVICES / Reuters