Hopp til innhold

No blir Noregs verste vegar endå verre - ventar store frostskadar på vegane

Frostskadane på vegane denne våren blir truleg verre enn på mange år, seier Vegvesen-topp. I Møre og Romsdal er det allereie så mykje at det er krevjande å sette opp nok skilt.

Noregs nest verste veg er i ferd med å bli endå verre.

For etter ein lang og kald vinter, er det no plussgrader i Hyen i Gloppen kommune, om lag halvvegs mellom Førde og Nordfjord i luftline.

Men under det berre asfaltdekket på den smale vegen har vatnet frose til og utvida seg.

Fenomenet kallast telehiv, og gjer at store delar av vegen blir ujamn, og somme stader sprekk asfalten opp og lagar endå meir problem for dei køyrande.

Det merkar heimesjukepleiarane Anne-Lise Solheim og Solgunn Eimhjellen godt:

– I år er det veldig ille. Telehiv er det jo kvart år, men ikkje så ekstremt som det har vore i år.

Hyen Telehiv

Anne-Lise Solheim og Solgunn Eimhjellen køyrer vegen både til, frå og på jobb.

Foto: Tora Carlsen Haaland / NRK

Blir verre før det blir betre

Ein sein vinter og tidleg vår med uvanleg mykje telehiv kan folk forvente fleire stader i landet, meiner seksjonssjef for vegteknologi i Statens vegvesen, Kjell Arne Skoglund.

– Akkurat i vinter har det nok vore kaldt mange stader, og då viser all erfaring at me får meir telehiv, seier han.

Telehiv liggende

Kva som ligg under asfalten har mykje å seie for kor godt vegen toler frost. Derfor er det særleg eldre fylkesvegar som er utsett for telehiv.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Og det har vore ein vinter for historiebøkene: Ein må tilbake 20 år for å finne ein like lang og kald periode.

Og sesongen er berre så vidt begynt:

Verst rett før varmen kjem

Sjølv om telehiv skuldast frose vatn, merkar ein det ofte ikkje på vegen før i mars.

Det er fordi det samlar seg opp med frose vatn under vegen så lenge det er tele.

Dermed er det på det verste rett før varmen kjem, rundt april, fortel Skoglund.

Og det er særleg eldre fylkesvegar som er utsett.

Siste biten opp til påskefjellet kan bli humpete. Men riksvegnettet er stort sett fritt for telehiv, sidan det er av ein nyare standard.

Kjell Arne Skoglund Seksjonssjef for vegteknologi i Statens vegvesen,
Norges nest verste veg

I 2018 blei det offisielt. Floraordførar Ola Teigen (Ap) Olav Klungre og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad avduka det nye skiltet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Burde skilta heile strekninga

NRK har ei rekkje av fylka om telehivproblemet og fått svar frå Nordland, Møre og Romsdal, Innlandet, Telemark, Akershus, Innlandet og Østfold.

Medan fleire gjev uttrykk for at dei berre er i byrjinga av telehiv-sesongen, fortel Torgeir Bye i Møre og Romsdal fylkeskommune at det allereie har vore mykje telehiv på vegane deira denne vinteren.

Langs ein svingete veg står det eit gult skilt med raud trekant. "Teleskade 0,5 - 25 km" står det på skiltet.

Liknande skilt kan dukke opp fleire stader etter ein kald vinter.

Foto: Tora Carlsen Haaland / NRK

– På ein del lavt traffikerte vegar er det krevjande å setje fareskilt på alle stader der det er behov. Ofte burde heile vegstrekninga vore skilta, skriv Bye i ein e-post til NRK.

– Skiltar me for mykje, skapar me forventningar hjå bilistar om at alt er greitt der det ikkje er skilta. Og det er det ikkje.

Han oppfordrar bilistar om å tilpasse farta ettertele forholda.

– Må køyre mykje seinare

På fylkesveg 615 dukka telehiva opp allereie i desember, fortel Eimhjellen og Solheim.

Som heimesjukepleiarar flest, bruker dei mykje tid på vegen, og dei to pleiarane har lang fartstid på det som tidlegare er kåra til Noregs nest verste veg, bak den svært ulukkesbelasta og rasutsette E16 Bergen - Voss.

Likevel tykkjer dei det er ekstra gale no.

– Me køyrer mykje seinare, og må berekna mykje meir tid, seier Eimhjellen.

Nokon pleiarar må droppe lunsj eller ete bak rattet for å ta igjen den tapte tida

– Me må bruke den tida me må hjå brukarane, sjølv om me har utfordringar med å køyre, seier Solheim, med blikket festa på den humpete vegen.

Går over

Etter vinter kjem vår, og etter telehiv kjem teleløyse.

Då tinar tela under vegane, og hevingane i vegane legg seg igjen.

Men det går ei stund før pleiarane i Hyen slepp å tenke på telehiva, trur Skoglund.

– Det går jo over til slutt, det er jo trøysta. Men det vil nok vare nokre veker framover til me får ein del varme.

Men teleløysa byr på eigne utfordringar for trafikantane.

– Då er vegen veldig fuktig og veldig svak, så ein kan få ein del følgeskadar. Men når det begynner å tørke opp uti april - mai, så vil det bli vesentleg betre igjen.