Hopp til innhold

Norske kommunar seier nei til statens «gåvepakke»

Staten vil peike ut og sirkle inn landskap av nasjonal interesse. «Elles, takk» er responsen til dei som bur i «postkorta».

Skei i Jølster

JØLSTER: Ifølgje departementet er målet med Kula-registeret å «vise mangfaldet i kulturhistoria» og å «sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse».

Foto: Oddleif Løset / NRK

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren føreslått at fleire område skal få status som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse.

Det såkalla KULA-registeret vart selt inn som ein «kunnskapsbase» og «gåvepakke» til norske kommunar.

Men fleire stader har kartlegginga vorte motteken som ei klam omfamning.

Responsen på det statlege initiativet har i beste fall vore avmålt, og i verste fall direkte fiendtleg.

Jenny Følling

I Sunnfjord i Vestland var ordførar Jenny Følling (Sp) «så opptrekt at ho skalv i røysta» då ho i januar vart presentert for planane.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

«Ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk»

På Nordmøre har kommunane Aure og Smøla bede om å bli utelaten frå Riksantikvarens liste.

Tilsvarande signal har komme frå kommunar i Agder og Rogaland.

KULA har ikkje vorte godt motteke alle stader. Dette tek vi på alvor, seier Leidulf Mydland, seksjonssjef for arealplanlegging og miljø hos Riksantikvaren (heile svaret under).

I sum handlar kritikken om at Riksantikvarens ide om kva som er kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse hermetiserer og frys norske kommunar fast i gamle «postkort-framsyningar» om livet på bygda.

Vidare blir det hevda at det er nok instansar med innvendingsrett som det er, om ikkje kommunen må ta høgd for endå ein part med talerett.

Til dette har Riksantikvaren fleire gonger presisert at KULA-prosjektet er «eit kunnskapsgrunnlag» og «eit forvaltningsverktøy» – og ikkje «ein verneplan».

Men utan at den underliggande konflikten mellom vern, utvikling og kommunalt sjølvstyre har stilna.

I artikkelen Landskapet under isbreen skildrar Samtiden-skribent Edvard Lysne den politiske kulturen på den vestnorske kysten som prega av «ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk».

Jølster Hotell på Vassenden i Sunnfjord.

– Det er trist at enkelte ser på Riksantikvaren som ein motstandar, når det faktisk er slik at vi oftast har felles interesser, seier Leidulf Mydland, som er seksjonssjef hos Riksantikvaren til Bondevennen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ikkje vanskeleg å forstå uroa i kommunane

Kommunane har sjølvsagt ikkje noko imot betre kunnskapsgrunnlag, seier KS-direktør Helge Eide.

Han seier at «den høgst forståelege skepsisen» ligg i det uttalte målet om å «sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse».

Det er kommunen sjølv som er best skikka til å vurdere kva som er berekraftig forvaltning. Dei har eit heilskapsansvar for berekraftig samfunnsutvikling, der det å ta vare på kulturlandskap er ein sjølvsagd del av oppgåva.

Han legg til:

Slik Riksantikvaren har kommunisert dette prosjektet er det ikkje vanskeleg å forstå uroa i kommunane (les heile svaret under).

Nikolai Astrup: Snøfjell

– I Jølster er det Astrups historie vi ønsker å fortelje. Det landskapet som inspirerte han, og som han brukte som motiv for kunsten sin, det landskapet skal vi bevare. Det er eit aktivt jordbrukslandskap, og det er det ønskeleg at det held fram å vere, sa seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, Mari Solheim Sandsund, då ho presenterte planen. Illustrasjon: «Snøfjell» av Nikolai Astrup (1908)

Foto: KODE Kunstmuseer

Kan gjere det vanskeleg å utvikle lokalsamfunna våre

Eg deler skepsisen til ordførarane, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande.

Han viser til at det «allereie er svært krevjande for kommunane å måtte ta omsyn til ei rekke statlege etatar med mange, og av og til motstridande, krav til korleis dei skal planlegge arealet sitt».

Det skapar stor frustrasjon både mellom innbyggjarar, næringsliv og lokalpolitikarar.

Stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle, var tidlegare ordførar i Sunnfjord.

Vi har eit sett med reglar som alle har gode og forståelege intensjonar, men som i sum skaper eit system som krev store ressursar og tidsbruk for kommunane, seier han.

Han minner om at KULA-registeret kjem på toppen av nye og komande krav om arealnøytralitet, naturrekneskap og nye internasjonale reglar om naturmangfald.

I sum kan dette gjere det svært vanskeleg å byggje og utvikle lokalsamfunna våre.

Regjeringa annonserte sist veke at dei vil ha ein ny nasjonal naturplan for å «oppdatere forvaltninga og nedkjempe årsakene til nedbygging og forvitring av økosystem».

Frå Sandal mot Skei i Jølster.

KULA-registeret vart selt inn som ein «gåvepakke». Men i fleire kommunar har kartlegginga vorte motteken som ei klam omfamning.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Heilt uforståeleg at nokon skal motsetje seg denne registreringa

NRK har tidlegare skrive at den nye, globale avtalen om å verne 30 prosent av naturen har sett fleire veg- og hytteprosjekt i spel.

Ifølgje Statsforvalteren i Rogaland er KULA-rapporten «eit flott dokument» som kommunane «kan vere stolte av».

Det same seier stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen:

Det er heilt uforståeleg for meg kvifor nokre kommunar skal motsetje seg denne registreringa, seier han.

Dette er eit kunnskapsgrunnlag. Så enkelt. Og kunnskap er viktig i seg sjølv.

Påstanden er at grensa mellom «verneplan» og «kunnskapsgrunnlag» er porøs, og at dette kan gå ut over den lokale sjølvråderetten?

Vel, det er ikkje tilfelle.

Les også Noreg skal verne meir av Noreg

Ringstind i Hurrungane