Hopp til innhold

Norske kommunar er sinte for koronapengar som vart borte

Regjeringa vert skulda for løftebrot om koronakompensasjon. – Økonomien i kommunane er god, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Bulandet

ASKVOLL: – Vi har lokalt tilpassa drifta i tråd med desse forsikringane og vil no sitte med ei stor ekstra rekning, seier ordførar i Askvoll, Ole André Klausen (H).

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Eit reint løftebrot og veldig dårleg gjort overfor kommunane, seier Ole André Klausen (H).

Han er ordførar i Askvoll kommune i Vestland, og fortel at dei alt hadde tilpassa drifta i tråd med forsikringar om koronakompensasjon.

I nabokommunen Sunnfjord var den forventa koronakompensasjonen «cirka 20 millionar kronar».

Det er svært alvorleg for budsjettet, dersom så store summar ikkje vert dekka inn som tidlegare lova, seier ordførar Jenny Følling (Sp).

Ein båttur unna, i Stad kommune, er Gunnar Silden (V) ordførar.

Om inndekkinga ikkje kjem, så kan vi risikere at beredskapen blir svekt. Det vil vere det verste scenarioet som vi kan tenkje oss, seier han.

Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 som vart lagt fram torsdag.

I strid med forventningane inneheldt budsjettet ingen kompensasjon for kommunane sine koronautgifter i første halvdel av 2022.

Ein samla opposisjon på Stortinget uttrykkjer i dag overrasking og forundring over at nemnde kompensasjon ikkje er med (sjå faktaboks).

Gunnar Silden

VERSTE SCENARIO: – Om inndekkinga ikkje kjem, so kan vi risikere at beredskapen blir svekt, seier ordførar i Stad kommune, Gunnar Silden (V).

Foto: Jon Frogner

Eit oppsiktsvekkjande løftebrot

På Debatten før jul sa Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) at kommunane ville få refundert alle ekstrakostnadar som følgje av pandemien. Ho presiserte at dette gjaldt for heile 2022.

– Kommunane skal få dekka alt, sa ho (video under).

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, kallar budsjettframlegget for «eit oppsiktsvekkjande løftebrot».

Ho viser til at «fleire statsrådar fleire gonger» har forsikra KS om at kommunane skal få dekt kostnader som har vore nødvendige for å handtere pandemien.

Verken kommunane eller KS har hatt grunn til å vere usikre på at slik kompensasjon ville komme, seier ho.

Kommunane fekk i fjor sommar 2,5 milliardar kroner i koronakompensasjon for andre halvdel av 2021.

I november gjekk regjeringa inn for ein tilleggsløyving på 750 millionar kroner for same periode.

Rapport om koronautgifter kjem i september

Tidlegare KS-leiar Bjørn Arild Gram (Sp) var kommunalminister fram til 12. april. Han vart då erstatta av Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fredag formiddag forsvarte sistnemnde budsjettet i «eit stormøte» med heile Kommune-Noreg.

På spørsmål om han vil garantere at ein koronakompensasjon vil kome seinare i år, var svaret at «ting må skje i rett rekkjefølgje» og at det «generelt ikkje er likviditetsproblem» i Kommune-Noreg.

I forslaget til budsjett viser regjeringa til ein rapport om koronautgifter som kjem 1. september.

Så vil vi gjere ein vurdering med basis i det som kjem der, seier Gjelsvik.

Han la til at «kommunane skal vere trygge på at vi er der for dei».

Ein mogleg gladmelding i september kjem for seint, meiner Helgesen i KS.

Det betyr at kommunane først i desember vil vite kva kompensasjon som eventuelt blir gitt i år.

Austrheim kommune i Vestland kan så langt i år dokumentere at dei har hatt 1,8 millionar i ekstrakostnader knytt til korona.

Sp presenterer alternativt statsbudsjett

SEPTEMBER: – Vi vil gjere ein vurdering med basis i det som kjem i september-rapporten, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Vidar Ruud / NTB

Retorikken frå Ap og Sp har endra seg dramatisk

I RNB-dokumentet skriv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) to gonger at «kommunesektoren er i ein god økonomisk situasjon» og at «kommuneøkonomien er god».

Han skriv vidare at høgare inntektsvekst og lågare utgifter enn venta «over fleire år» har gitt gode resultat i kommunane.

I ein kommentar i Aftenposten gjer politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim eit poeng av at dette er nye tonar frå Sp-leiaren som før valet snakka om «ein svært trong kommuneøkonomi».

Det er interessant å sjå at retorikken frå Ap og Sp har endra seg så dramatisk frå at kommunane var sveltefôra til at økonomien no er god, kvitterer Kjell Ingolf Ropstad i KrF.

Mudassar Kapur er kommunalpolitisk talsperson i Høgre.

Eg håpar folk merkar seg at Sp og Ap etter åtte år med svartmåling no ikkje har anna val enn å slå fast at kommuneøkonomien har vore god gjennom dei siste åra.

Pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett 2022

GOD ØKONOMI: I RNB-dokumentet skriv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at «kommunesektoren er i ein god økonomisk situasjon».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Staten må vere ein føreseieleg partnar

I haust vart det vedteke å skjerpe utbytteskatten, noko som gav kommunane 14 milliardar kroner i auka inntekter.

I budsjettforslaget foreslår regjeringa at 11,5 av desse milliardane skal trekkast frå staten sitt rammetilskot «for å unngå at den offentlege pengebruken blir for høg».

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, seier til NRK at «det sender heilt feil signal når regjeringa under pandemien bad kommunane om å registrere alle ekstrautgifter, men når krisa er over så manglar pengane.»

Det skaper mistillit, kva skjer neste gong vi står i ei liknande krise?