Hopp til innhold

Drosjer skal skiftast ut med el- og hybridbilar

Regjeringa vil endre lova slik at alle nye drosjer må vere klimavennlege.

Taxi-holdeplass i Tollbodgata i Kristiansand

NYE TIDER FOR TAXIBRANSJEN: Regjeringa vil få den norske drosjeparken over på meir klimavennlege bilar.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Med den nye lova som vil tre i kraft i 2015, kan Fylkeskommunane stille miljøkrav til taxiselskapa, og krevje at nye drosjer ikkje brukar fossilt drivstoff.

– Over tid må me omstille drosjeparken frå bensin og dieselbilar og over på lågutsleppsbilar. Det kan vere hybridbilar, elbilar eller bilar drivne på biodrivstoff, seier statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Klima og miljødepartementet.

Statssekretær i Miljøverndepartementet; Lars Andreas Lunde

VIL ENDRE LOVA: Statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Klima og miljødepartementet.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

– Det viktigaste er at ein går over frå fossile drivstoff til meir klimavennlege bilar.

LES OGSÅ: – El-taxi er fremtiden

– Vil få ned utsleppa

Ingunn Gjerstad

– Me må kutte utsleppa, seier Ingunn Gjerstad (SV).

Foto: Sosialistisk Venstreparti

Det er SV og Venstre som har fått fleirtal i Stortinget for å be regjeringa om lovendringa til gode for klimaet, seier Ingunn Gjerstad (SV).

– Me veit at dersom me skal tilpasse oss klimaendringane, så er me nøydde til å kutte utslepp.

– Særleg i byane, der nettopp vegtrafikk er ei stor utsleppskjelde. Alle monnar drar i denne samanhengen, meiner Gjerstad.

Delte syn på lovendringa

Lovendringa vekker blanda reaksjonar hos drosjesjåførar i Bergen.

Jan Valeur

– MÅ SKJE GRADVIS: Dagleg leiar i Bergen taxi, Jan Valeur, er positiv til lovendringa, så lenge krava er gjennomførbare og skjer gradvis.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Det er alt for tidleg med elbilar no, seier ein drosjesjåfør NRK møter på Ole Bulls plass i Bergen. Eg trur ikkje dette vil fungere for alle, fordi det ikkje er mogleg for alle å få lagt inn straum. Kven skal betale det? Krev dei dette, må dei også betale for ladestasjonar.

Dagleg leiar i Bergen Taxi, Jan Valeur, seier han er positiv til at ein stiller miljøkrav til transport- og taxinæringa.

– Me går ut ifrå at me får til eit godt samarbeid med fylkeskommunen, slik at ein gjer dette gradvis, og at dei krava som blir sette er gjennomførbare.

LES OGSÅ: Grensen for momsfritak på elbil snart nådd