Hopp til innhold

Norsk trykkeribedrift visste om Messi-overgang før alle andre

Då trykkeribedrifta ved Sognefjorden fekk bestillingane av «Messi» til PSG-drakta sleit dei med å halde nyheita hemmeleg. – Dette var vanskeleg å ikkje røpe, seier dagleg leiar.

Nyleg vart det klart at Messi blir klar for den franske storklubben PSG. Han kjem til å spele med eit lite stykke Noreg.

Det er nemleg trykkerifabrikken Avery Dennison NTP i Gaupne ved Sognefjorden som lagar drakttrykka til storklubben PSG.

Bestillingane knytt til drakta til Messi kom like før overgangen vart annonsert.

Det har ikkje vore like lett for dei tilsette å halde slike enorme nyheiter hemmelege.

– Me får ofte vite om overgangar litt før. Denne var spesielt vanskeleg å ikkje røpe. Det klør jo litt i fingrane å dele slike nyheiter med vener og kompisar, men vi er profesjonelle og avstår frå å dele slikt, seier dagleg leiar i Avery Dennison NTP, Tom Dyrdal.

Det var Porten som først skreiv om saka.

Ikkje lett å halde hemmeleg

Overgangen til PSG har ført til hundretusenvis av Messi-trykk på løpande band.

– Frå Brasil til Noreg, det renn inn bestillingar frå heile verda, seier Dyrdal.

Ulike medium melder at Messi-drakta vart selt ut på 20 minutt. I Paris har det vore lange køar med folk som ønskjer seg den nye PSG-drakta.

Laster Twitter-innhold

For trykkerifabrikken i Sogn eskalerte drifta etter overgangsnyheita.

– Det er unormalt høgt trykk frå PSG. Me har mykje kontakt med både klubb og draktleverandør for å finne gode løysingar framover, fortel Dyrdal.

Tom Dyrdal

TRAVELT: Dagleg leiar i Avery Dennison NTP, Tom Dyrdal, viser fram den nye drakta dei lagar trykk til. Fabrikkarbeidarane har fått mykje å gjere etter at Messi bytta klubb til PSG.

Foto: Avery Dennison NTP

Er med å skrive fotballhistorie

Fabrikken i Gaupne har 170 tilsette. Korona har ført til produksjonsstans blant søsterfabrikkane i Vietnam og Bangladesh, som igjen har ført til meir oppdrag til Europa og Gaupne.

Med rekordsal i juni og juli har august allereie bydd på utfordringar for fabrikken. Førre veke førte tre koronatilfelle blant fabrikkarbeidarane til at dei måtte køyre drifta på halv maskin.

No er produksjonen oppe og går att, og leiaren føler seg trygg på at dei skal levere det dei har lova.

– Vi byrja produksjonen for fullt tidlegare i veka. No går det fly frå Sogndal til Paris fleire gonger denne veka, seier Dyrdal.

Trykkfabrikken har lenge jobba med andre europeiske storklubbar. David Beckham til Real Madrid, Ronaldo til Juventus – fabrikken har opplevd storm tidlegare. Denne overgangen tar likevel kaka, fortel han.

– Det er sjølvsagd stort for oss å vere med på fotballhistorie. At dette skjer i Noreg og vesle Gaupne set vi høgt. Det gir stoltheit til alle som jobbar her, seier han.