Hopp til innhold

Møtte verdas største havskjelpadde ved Stad: – Vi vart heilt skjelvne

Forskarteamet trudde knapt kva dei såg då verdas største eksotiske skjelpadde dukka opp framfor dei på vestlandskysten.

HI finn sjeldan skilpadde på Stad.

EKSOTISK MØTE: Slik såg det ut då teamet frå Havforskingsinstituttet møtte havskjelpadda utanfor Stad i Vestland.

– Vi vart heilt skjelvne, seier toktleiar Keno Ferter.

Det skakande møtet skjedde utanfor Stad i Vestland.

Forskarteamet var ute for å satellittmerke makrellstørje. I staden møtte dei ein to meter lang havlærskjelpadde.

– Vi trudde først det var kval, deretter hai, og så var vi innom månefisk, før vi forstod kva det var, seier forskarkollega Otte Bjelland.

Havlærskjelpadda kan bli over 2,5 meter lang, og opp mot 700 kilo tung. Til vanleg held skjelpadda seg i Atlanterhavet, Det indiske hav og Stillehavet.

Trudde knapt eigne auge

Havlærskjelpadda er altså eit sjeldan syn langs den norske kystlinja. Ferter har høyrt om ei liknande historie for «70–80 år sidan».

– Arten er truga og held som regel til i tropisk farvatn, seier Bjelland.

Han legg til at det kanskje er jakta på maneter som har lokka den til Stad.

Også fiskane rundt skjelpadde likar seg best i varmare vatn. Det var truleg losfisk og tønnefisk.

– Begge artane er kjende for å finne seg ein vert som til dømes hai, havskjelpadde eller drivgods som dei lever rundt. Tønnefisken høyrer til i den vestlege delen av Atlanteren, så det er grunn til å tru at skjelpadde har kryssa havet på vegen til Noreg, seier Bjelland.

Sjeldan skilpadde ved Stad

SJELDAN SYN: Havlærskjelpadda er eit sjeldan syn langs den norske kystlinja.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Fantastisk oppleving

Forskarane såg måsar som sirkla før dei oppdaga skjelpadda. Ferter skildrar opplevinga som fantastisk.

– Truleg har den kome med Golfstraumen opp frå Karibia, seier han.

Bilde av en mann i en båt som skriver på en tavle mens han smiler.

FANTASTISK: Keno Ferter kallar det ei fantastisk oppleving å få sjå den sjeldne skjelpadda i Stadhavet.

Foto: Emma Aldal Sætre

Forskarane tenkte fyrst at skjelpadda ville få det tøft i det kaldare Norskehavet.

– Men vi las oss opp, og denne skjelpadda kan danne varme sjølv ved hjelp av muskelrørsle. Den kan òg lagre varme, seier han og legg til:

– Kroppstemperaturen er betydeleg høgare enn vatnet rundt. Derfor kan den overleve ganske bra også i kaldare vatn.

Ferter håpar likevel skjelpadda vil finne vegen tilbake til farvatna den kom frå.