Hopp til innhold

Norsk krigsdokumentar klar for heile verda

Krigsdokumentaren «Drone» er selt til fleire land og er i ferd med å bli ein verdssuksess. I går vann den Amanda-pris for beste dokumentar.

Stillsbilde fra krigsdokumentaren Drone
Foto: Lucian Muntean / Flimmer Film

– Det var utruleg stort, heilt fantastisk, seier ein oppglødd og svært glad regissør Tonje Hessen Schei til NRK dagen etter prisutdelinga i Haugesund.

– Vi var i svært sterk konkurranse med to veldig gode dokumentarar. Å få slik støtte her i Norge betyr masse for oss, held ho fram.

Krigsdokumentaren «Drone» undersøkjer dei menneskelege konsekvensane av moderne krigføring. Filmen følgjer menneske på bakken i Pakistan som lev under dronane og den fortel historia til unge amerikanske pilotar som sit på andre sida av verda og styrer dei dødelige dronane.

Tidlegare dronekrigar Brandon Bryant er ein av dei som fortel historia si i dokumentaren.

– Eg vart veldig dårleg då eg fekk vita at eg hadde vore med på å ta 1626 menneskeliv. Eg ville kasta opp, sa den amerikanske eks-dronekrigaren til NRK i september i fjor.

Tonje Hessen Schei

GLAD REGISSØR Tonje Hessen Schei tok imot Amanda-pris for beste dokumentar i Haugesund laurdag kveld.

Foto: Privat

Verdssuksess

Det er bergensselskapet Flimmer Film som har produsert filmen. Lars Løge i selskapet seier til NRK at det er ærefullt å få Amanda og at prisen betyr mykje.

Dei gode kritikkane og dei mange prisane har gjort at filmen også har fått aukande internasjonal merksemd. Filmen er selt til heile Skandinavia, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Finland, Italia, Spania, Balkan og Korea.

Dokumentaren har også fått kinodistribusjon i USA.

– Amerikanarane forstår at Amanda er den norske versjonen av Oscar så det håper vi gjer at fleire vil gå å sjå den, seier regissør Hessen Schei.

Stillsbilde fra filmen Drone

KLAR FOR USA: Krigsdokumentaren har no få distribusjon på amerikanske kinoar. Mange amerikanarar vil då få eit unikt innblikk i korleis CIA gjennomfører si krigføring ved hjelp av dronar.

Foto: Lucian Muntean / Flimmer Film

Tenar pengar

For første gang opplever bergensselskapet Flimmer Film at dei tenar pengar på ein av produksjonane sine. Til no har dei overlevd på støtteordningar.

– Den har no blitt ein økonomisk suksess. Dokumentarar gir sjeldan avkasting, men no kjem vi faktisk til å tene pengar, seier Løge.

Den internasjonale merksemda kjem også dei andre produksjonane til Flimmer Film til gode.

– Vi får no mykje kunnskap om korleis den internasjonale marknaden fungerer og vi får knytt mange kontaktar som kan hjelpe oss med kommande og tidlegare prosjekt. Det blir kortare veg for oss å realisere det vi jobbar med, seier Løge.

Spent på amerikansk lansering

Med kinovisning i USA vil det amerikanske publikummet få innblikk og fakta om CIA sin krigføring med dronar. Dokumentaren avdekkjer ting som amerikanarar flest kanskje ikkje er klar over. Regissør Tonje Hessen Schei innrømmer at ho er spent.

– Vi håper jo at filmen kan vere med å sette fyr på debatten rundt CIA sin dronekrig. Det er noko amerikanarane ikkje har så mykje informasjon om. Også internasjonalt er det kjekt å sjå den store interessa for dokumentaren vår.

– Eg har vore heilt besett av droneproblematikken i fem år no og er så glad for at vi når ut med ein politisk dokumentar. Det er fantastisk å sjå responsen.

Løge seier filmen har fått syningar på mindre amerikanske filmfestivalar allereie.

– Vi merkar at folk verkeleg vaknar. Responsen i USA til no har vore inderleg og god. Vi gler oss skikkeleg til hausten, avsluttar Løge.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Intervju med den amerikanske eks-dronekrigaren Brandon Bryant, i forbindelse med filmfestivalen i Bergen i fjor haust.