Då Brandon Bryant slutta i flyvåpenet fekk han eit poengkort. Dette kortet viste at han hadde vore med på oppdrag som drap over 1600 menneske.
– Eg vart veldig dårleg då eg fekk sjå kortet og talet som stod på; heile 1626 menneskeliv hadde eg tatt. Eg ville kasta opp, seier den amerikanske eks-dronekrigaren.
Desse opplevingane har gjort Bryant til hovudperson i ein ny norsk dokumentar som heiter Drone.
Fekk dei gjævaste prisane
I kveld vann filmen, som er laga av bergenske Flimmer film, menneskerettsprisen og norsk dokumentarpris på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).
– Det er utruleg stort og veldig rørande, sa regissør Tonje Hessen Schei etter mottakinga.
Filmen Drone undersøkjer dei menneskelege konsekvensane av moderne krigføring. Gjennom stemmene på begge sider av den nye droneteknologien, vert det presentert historier og samanhengar bak den hemmelege dronekrigen.
– Ei drone kan forandre krigføringa og ganske sikkert framtida vår. Den drepe tusenvis av menneske, og eg meiner dronekrigane er dei største utfordringa vi står ovanfor i dag, seier regissøren av filmen.
– Kven håpar du ser filmen?
– Den er for alle. Men at vi klarer å nå ut til eit ungt publikum, som her på BIFF, synest eg har vore veldig givande, seier Hessen Schei.
- SJÅ OGSÅ:
Mange sivile drepne
Filmen fortel at berre i Pakistan åleine, er ca. 3000 menneske blitt drepne av dronar dei ti siste åra. Av desse er berre 49 bekrefta al qaida-toppar, noko som tyder at det er veldig mange sivile. Kvinner, born og folk som ein veit ikkje har ei terrortilknyting.
– Kvar mann over 12 år er eit terrormål. Det betyr ikkje noko om han har eit våpen eller ikkje – han er eit mål, forklarar Bryant.
Rekruttert frå PC-spel-miljøa
Dokumentaren Drone viser at mange dronepilotar vert rekruttert frå PC-spel-miljø og spesielt frå spel-messer. Brandon Bryant var ein av dei, og han innrømmer at timane føre PC-skjermen var med på å gje han jobben.
– Eg kunne sitja med beina på styrbordet og zooma inn og ut, forklarar Bryant.
No er han kritisk til korleis dronar vert brukt mot terror, og han har tala i FN om sine opplevingar.
– Er det Obama eller dei som styrer drona ansvarleg for om det er ein terrorist ein treff eller ikkje, spør Bryant.
Han er ein av svært få som har vore ein del av det amerikanske droneprogrammet og som har uttala seg negativt om det. Det er bruken av det og ikkje sjølve programmet han er negativ til.
– Eg er ikkje imot militæret eller dronar, men eg vil ha ansvarleg bruk. Eg vil at folk som kjemper for vår tryggleik skal faktisk vera med å sikra vår tryggleik, seier Bryant.