Hopp til innhold

Noregs mest rasfarlege veg ramla ned på 38.-plass: – Nesten så eg ikkje trur det er sant

Rasfarleg vegar med lite trafikk blir definerte som mindre utsette for ras. – Dette kan vi ikkje akseptere, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

Ras på vegen til Navelsaker

EKSTREM RASFARE: Fylkesvegen til Navelsaker i Vestland er ifølgje Statens vegvesen Noregs mest rasfarlege. Men vegbyråkratane i Vestland prioriterer vegen på 38-plass.

Foto: Mariann Navelsaker

– Det er nesten så eg ikkje trur det er sant, seier Øystein Førde Navelsaker.

Kvar dag må familien køyre den rasfarlege vegen langs Hornindalsvatnet til heimbygda Navelsaker i Nordfjordeid.

Statens vegvesen har rangert strekninga som den mest rasfarlege i heile landet.

Men tysdag denne veka gjekk vegadministrasjonen i Vestland fylke inn for å skubbe vegen ned på 38.-plass over prioriterte vegar for rassikring.

Endringa kjem etter ei justering av kva som definerer ein rasfarleg veg. Modellen til Statens vegvesen legg vekt på skredfare, trafikkmengd, høve for omkøyring og kor ofte vegen er stengt.

Men vegadministrasjonen i Vestland vil i staden legge større vekt på delfaktoren «trafikkmengd».

Familien på Navelsaker

SKUFFA: Lene Førde Navelsaker, borna og ektemannen Øystein Førde Navelsaker risikerer at vegen inn til heimbygda Navelsaker aldri blir sikra.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Lagt større vekt på trafikktal

Blant dei som kritiserer den nye modellen er leiar Jenny Følling i Nasjonal rassikringsgruppe.

– Dette kan vi ikkje akseptere, sa ho under møtet i hovudutval for samferdsel og mobilitet denne veka.

Resultatet blir at lite trafikkerte, men rasfarlege vegar fell nedover på prioriteringslista.

Direktør Dina Lefdal for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune ønsker ikkje å kommentere kritikken.

– Vi har teke utgangspunkt i Statens vegvesen sine nasjonale tal for skredfaktor, men samtidig lagt større vekt på trafikktal og meir vekt på risiko for å bli teken av ras.

– Ein hån

Hege Gjertsen har engasjert seg i fylkesveg 5724 mellom Olden og Briksdalsbre Fjellstove i Stryn kommune.

– Eg blir sett heilt ut. Dette er ein hån mot små, men livskraftige bygdesamfunn, seier ho.

Statens vegvesen rangerte vegen på 6.-plass over dei mest rasfarlege i landet. I den nye modellen må han ta til takke med 42.-plass.

Gruppeleiar for Vestland KrF på fylkestinget, Trude Brosvik, har ikkje sans for den nye måten å rekne ut rasfare.

– Vi kan ikkje godta at dei som kjem lengst frå sentrum kjem sist i køen, seier ho.

Hege Gjertsen saman med borna sine.

FRYKTAR RAS: Hege Gjertsen med borna Nils og Anne Marie er fortvilte over at vegen inn til Oldedalen ikkje blir sikra. På vinteren går det ofte store skred over vegen som er klassifisert som den 6. mest rasfarlege i landet.

Foto: Bård Siem / NRK

Håper vegen endeleg blir sikra

Medan enkelte er opprørte over dei nye signala, smiler ordførar Torgeir Næss (Ap) i Kvam.

Fylkesveg 49 gjennom Kvam og det rasfarlege Tokagjelet er nemleg prioritert på topp.

– Eg er svært glad. No håper eg vegen endeleg blir sikra, seier han.

Han legg til:

– Med høg trafikk på vegen er det større fare for alvorlege rasulukker enn rasfarlege vegar der det er lite trafikk.

Sigbjørn Framnes (Frp) er samd i at trafikkmengd er viktig når ein skal prioritere mellom ulike rassikringsprosjekt.

– Sjansen for å bli tatt av ras er størst der det er mest trafikk. Det er den risikovurderinga vi må ta, seier han.

Tør ikkje å sende alle borna med skulebussen

I Vik kommune er Veronika Seim Bech fortvilt over at den etterlengta rassikringa på fylkesvegen til Arnafjorden er prioritert heilt nede på 54.-plass.

Ho har tre born som skal ta same skulebuss, men brukar å køyre ein av dei i eigen bil. Slik at ikkje alle borna risikerer å bli tekne av ras.

– Eg vil aldri tilgje meg sjølv om det skulle gå gale, seier ho.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vitja Arnafjorden tysdag denne veka.

– Arnafjorden er ein av dei mest rasutsette vegane vi har. Vi kan ikkje sjå oss blinde på trafikkmengd, sa han.

Vestland fylkesting skal på slutten av året avgjere den endelege prioriteringslista for kva vegar som skal rassikrast først.