Hopp til innhold

Noreg står bakerst i køen – julehandelen i fare

FØRDE (NRK): Koronaen kan gjere det nærast umogleg for norske butikkundar å få tak i det dei vil ha.

Dagleg leiar Roger Aase i Sport1 Førde.

TOMME HYLLER: Roger Aase på Sport1 i Førde skulle gjerne ha fylt opp skoveggen igjen. Men Hoka har ikkje Noreg først på lista.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

For butikkeigarar er merkevaremangelen frustrerande no rett før julehandelen.

– Dersom du ser på skoveggen vår så er den tom for augneblinken. Vi har slite med å få leveransar og det har vore store produksjonsproblem, seier dagleg leiar for Sport1 i Førde, Roger Aase.

Men han er slett ikkje åleine om å mangle dei mest populære merka i butikken.

Noreg og andre land med få innbyggjarar kjem sist i køen når dyre merkevarer skal fordelast til butikkane.

Det gjeld alt frå dyre merkesko som Hoka og Nike, elektronikk som iPhone og Playstation og klede som Calvin Klein og Adidas.

Det aller meste av dette blir produsert i Asia, og der stengde mange av fabrikkane ned då koronapandemien råka i vinter.

Noreg blir nedprioritert

Produksjonsproblema og etterspurnaden i vesten, gjer også at fraktprisane frå Asia har auka kraftig dei siste månadane.

I slutten av september kosta det 3900 dollar å frakte ein container frå Kina til USA. Det er nær ei tredobling på eitt år, melder Nikkeiasia.

Direktør for service og handel i NHO, Linda Vist, stadfestar at det kan bli eit problem for alle dei som ønskjer å kjøpe slike produkt til seg sjølv eller andre no før jul.

– Vi forventar at denne kapasitetsutfordringa vil ha betydning også fram til julehandelen, seier Vist.

Og no står Noreg på ingen måte på topp over landa som blir prioritert no før julehandelen.

– Merkevareprodusentane prioriterer marknadane. Det kan bety at ein butikk i Noreg får tilgang til færre varer enn dei ønskjer. Særleg Apple er kjende for dette, slår Vist fast.

Dagleg leiar Frode Sevaldsrud for Storm Førde.

USIKKER: Frode Sevaldrud lovar at kundane skal finne varer, men kanskje ikkje dei varene dei i utgangspunktet var på utkikk etter.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Heilt håplaust no

I Førde er det mange butikkar fordelt på fleire ulike kjøpesenter. Her førebur alle seg på ein julehandel som neppe blir som dei trudde for eit år sidan.

– Vi ser at det er fleire leverandørar som ikkje klarar å levere det dei skal, fordi lageret har gått tomt. Det er etterdønninga etter at det har vore stengde fabrikkar over alt.

Det seier eigar og dagleg leiar for merkeklebutikken Storm, Frode Sevaldrud.

Det er særleg eitt produkt han trur det kan bli vanskeleg å tilby kundane i år, undertøy frå Calvin Klein.

– Det er heilt håplaust no opp mot jul at vi ikkje får supplert varene. Vanlegvis tener me opp mot ein halv million inn mot juletidene, slik vert det ikkje i år for å seie det slik.

– Betydeleg auke i netthandel

I NHO trur dei at årets julehandel vil bli enda meir prega av netthandel enn det ein kunne tru i fjor.

– Vi trur nordmenn vil finne alternativ i form av andre merke eller at dei handlar hos netthandel med internasjonale aktørar. Vi forventar ein betydeleg auka handel via nett, også av merkevarer, seier direktør Linda Vist.

På Sport1 i Førde er butikkseljar Øystein Vetti spent på korleis julehandelen blir.

– Det er jo kjipt å ikkje kunne tilby det kundane ønskjer. Eg pleier å seie at dersom eg kunne sprunge bak og sydd i hop eit par sko, så skulle eg ha gjort det.

Anne-Cecilie Kaltenborn, adm. dir. (th) og Linda Vist, direktør Handel i NHO Service og Handel.

DIREKTØR: Linda Vist i NHO.

Foto: NHO