Hopp til innhold

Noreg er tom for speltmjøl

Tørketid har ført til at produksjonen av speltkorn har stupt. No kan det ta månadar før ein får tak i det populære mjølet.

Minibakeriet på Nordfjordeid

ETTERLENGTA URKORN: Spelt har blitt ein ettertrakta kornsort, men mykje tyder på at fleire må klare seg med alternative kornslag ei stund framover.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Slik eg har forstått det er det tomt for spelt i heile Noreg, seier Leon Knapskog.

Han er dagleg leiar av Minibakeriet på Nordfjordeid. Torsdag kom beskjeden frå leverandøren om at det er tomt for speltmjøl.

– Det gjer at vi må kutte eit av dei mest populære brøda våre, seier han.

Kan gå månadar før ny leveranse

– Tyskland som er største produsent og eksportør av kornet har ikkje fått hausta nok til produksjon. Årsaka er at dei opplevde mykje tørke i fjor, seier Knapskog.

På grunn av tørke har ikkje dei tyske produsentane greidd å fylle opp lagera sine. I tillegg har det vore stor auke i etterspurnad etter spelt. Dette har ført til at dei no ikkje greier å levere korn.

– Vi fekk beskjed frå våre leverandørar at vi må forvente å gå utan mjølet fram til september/oktober, seier Knapskog.

Leon Knapskog

FAVORITT I NORDFJORDEID: Brød av spelt slår godt an på Minibakeriet, som denne veka fekk beskjed frå sin leverandør om at dei er tomme.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Spelt i karantene

Også korn- og mjølprodusent Møllerens seier at norske kundar kan måtte bu seg på veker utan det stadig meir populære kornet.

– Det blir dyrka for lite spelt i Noreg, med tanke på den store etterspurnaden frå bakeri og privatpersonar. Me er difor avhengige av å importere. Då koronanpandemien inntraff, blei spelten som kjem frå Italia sperra inne i karantenesone. Det er framleis litt vanskar med å få importert bestillingane me hadde lagt inn, seier Jan Kåre Kristiansen Tvinnereim, sals- og marknadsdirektør hos Norgesmøllene.

Han seier det er fleire faktorar som påverkar kva tid norske kundar kan vente å finne spelt i butikkhyllene att.

– Me veit at avlingane i Italia vanlegvis bli hausta i månadsskiftet mellom juni og juli. Om det går etter planen bør me ha spelt for både bakekundar og private i slutten av juli, men det avheng også av når regnet kjem.

– Kvifor har nettopp spelt blitt ein vinnar?

– Mange opplever at magen deira toler bakst basert på spelt betre enn tradisjonell bakst. Spelt er dessutan eit urkorn, og mange meiner at urkornartane er betre for kroppen enn andre.

Må tenkje nytt i ventetida

På Eid er kundane til Minibakeriet særskilt glade i spelt- og gulrotbrødet som dei lagar.

– Vi får berre lage noko anna godt i mellomtida. Men det er veldig populært blant kundane våre. Så eg trur vi får utfordringar med å finne noko som er like godt og spennande,