Hopp til innhold

Desse hyttene har vore fullbooka sidan opninga

Nordmenn vil framleis ha kortreiste ferieopplevingar, trass i opne grenser etter pandemien. I sommar kan trongare privatøkonomi gje endå større suksess for reiselivet i Noreg.

Flokehyttene, Sveio. Denne er den største

POPULÆR: Med store vindauge mot havet har Flokehyttene i Sveio kommune i Vestland to år på rad vore dei mest populære på søkjetenesta Ut.no.

Foto: Olav Røli / NRK

Dei klorar seg fast på svaberga ved Ryvarden fyr i Sveio i Vestland.

Fem hytter med heilt spesiell arkitektur, store vindauge i front, og utsikt til sjøen.

– Her er det fint i all slags vêr, seier Siv Meling.

Saman med ein gjeng andre pensjonistar frå Tananger i Rogaland har ho teke turen ut til hyttene, som heiter Flokehyttene, denne dagen i januar.

Med berre 20 minutt kort spasertur frå parkeringsplass, på ein brei grusveg, kan dei lett få med seg trillebårer med både god mat og drikke.

Her er både sauehovud, rådyrsteik, plommesyltetøy, og ein kasse med heimelaga øl.

– Me skal kosa oss, fortel ho.

Kor veg til Flokehyttene. Frå venstre Siv Meling,

Med kort veg til hytta får ein med seg både traller og trillebårer. Frå venstre: Siv Meling, Anne Karin Andersen, William Andersen og Jostein Meling.

Foto: Privat

Populære for søk

Sidan hyttene sto ferdig hausten 2020 har dei stort sett vore fullbooka kvar einaste natt.

Meling og resten av reisefølgjet har prøvd å finna ledig hytte i over eit år.

Og først då ho pensjonerte seg, og kunne reisa midt i veka, gjekk bookinga i boks.

Flokehyttene, Sveio
Foto: Olav Røli / NRK

Ei oversikt utarbeidd av Turistforeningen syner at Flokehyttene for andre år på rad var mest populært som søkjeord på Ut.no.

NHO Reiseliv: – Folk vil ha korte turar

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er slett ikkje overraska.

Trenden er nemleg kortare og nærmare.

– Det er nærhyttene og dei nære opplevingane som er meir og meir populære. Ein et ute på den lokale restauranten i bydelen der ein bur, eller ein brukar hytta som ligg nærme, seier Krohn Devold.

At Flokehyttene i Sveio ikkje har ein lang etappe på fjellet eller ligg langt inne på ei vidde, meiner ho er med å forklara suksessen.

– Her kan ein ta med barnevogna eller reisa ut rett etter jobb ein onsdag å overnatta. Det er det som ligg nærme som er det viktigaste, seier ho.

Flokehyttene, Sveio

Turistforeningen har bygd fem hytter i havgapet ved Ryvarden i Sveio. Dei har stort sett vore fullbooka sidan opninga i 2020.

Foto: Olav Røli / NRK

I mange år har dei gjennomført spørjeundersøkingar der dei har spurt nordmenn om reisevanar.

Spørsmålet har vore enkelt:

Føretrekkjer du Noreg eller utlandet i ferien?

– Fram til 2019 svarte eit fleirtal utlandet. Men då skjedde eit skifte, og fleirtalet ville vera i Noreg i staden for, seier Krohn Devold.

Dårlegare økonomi vil påverka ferien

I 2020 trefte pandemien Noreg og utanlandsferie vart vanskelegare grunna restriksjonar.

Sommaren 2020 og 2021 vart åra for noregsferie.

Siv og Tor Meling

Siv og Tor Meling nyt livet på hytta i havgapet.

Foto: Privat

Men trass i opne grenser frå i fjor vinter. Folk held fram med å føretrekkja Noreg, ifølgje Krohn Devold.

– Dette hadde ingenting med pandemien å gjera, men var ein trend. Folk vil gjera noko saman med vener og familie i staden for å reisa til ein ny stad berre for å reisa, seier ho.

No ventar ho at trongare tider, med prisstigning og høgare renter, vil påverka årets ferie.

– Når folk er på noregsferie syr dei saman ei reise dei har råd til. Dette kan vera kombinasjon av camping, hotell og eigen hytte. Dette treng ikkje å vera dyrare enn å reisa utanlands. Dessutan har varmerekordar i Sør-Europa gjort at mange kvir seg for å reisa på sommaren, seier ho.

Flokehyttene, venegjeng samla

Med store vindauge kjem ein tett på naturen. Trass i at vegen ligg rett bak.

Foto: Olav Røli / NRK

Lokal foreining har is i magen

Leiaren i Haugesunds Turistforening, Tore Haugen, hadde trudd at interessa for Flokehyttene skulle gå ned når dei hadde vore på marknaden ei stund.

Men så langt ser det lyst ut.

– Det er ein trend i tida. Folk vil ha kortreist friluftsliv. Og her kan ein booka ei eigen hytta for ein familie eller gjeng. Dette var veldig populært under pandemien, men har halde fram etterpå, seier han.

Tore Haugen, daglig leder Haugesund turistforening

Tore Haugen, dagleg leiar i DNT Haugesund, fortel at dei er overvelda av responsen på hyttene i Sveio.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Trass i at dei hadde over 7.000 overnattingar i 2022, og ein omsetnad på over 2,5 millionar på hyttene, har dei framleis is i magen.

– Me har opsjon på å byggja ei hytte til. Men me ventar litt og ser korleis det utviklar seg, seier han.

Inne i hytta hos venegjengen frå Tananger er sauehovuda på kok, og korken er spretta på nokre av flaskene med heimelaga øl.

– Allereie i helga så skal me reisa til utlandet. Så for oss er reiseaktiviteten tilbake igjen slik han var før pandemien, seier dei.

Venegjeng frå Tananger på Flokehyttene

Gjengen med pensjonistar er klare for to dagar med god mat og drikke. Frå venstre Tor Meling, William Andersen, Anne Karin Andersen og Jostein Økland.

Foto: Olav Røli / NRK