Hopp til innhold

Nordmenn pantar som aldri før – det lønte seg for aleinemora Malin (30)

Nordmenn pantar dobbelt så mange flasker no som for ti år sidan. Det gav kjempegevinst til 30 år gamle Malin Stana.

Malin Stana frå Voss blei pantemillionær

Malin Stana frå Voss kunne juble som pantemillionær saman med sine tre gutar.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg trur eg ropte om hjelp, ler aleinemora frå Voss.

Malin Stana opplevde det mange drøymer om når dei tek med seg panteposen på sin lokale butikk.

30-åringen panta for 150 kroner og trykte på Røde kors-knappen til Pantelotteriet. Då blei ho møtt med fanfare og ein lapp der det stod at ho hadde vunne 1.000.000 kroner.

– Eg er aleine med dei tre gutane mine, og desse pengane vil gjere ein stor forskjell for oss, seier Stana.

VG fortalde om den ferske millionæren først.

Malin Stana frå Voss blei pantemiliionær

– Alt er snudd på hovudet, seier aleinemora som bur saman med tre unge gutar.

Foto: privat

Nordmenn pantar som aldri før. I fjor panta nordmenn 1,5 milliardar flasker og boksar, ifølge tal frå Infinitum.

Det svarar til 3,4 milliardar kroner.

Les også Nye panteautomater skal gi stor miljøgevinst og økning i pant

Ny panteautomat

Tre millionærar på ti dagar

Aleinemora frå Voss er ikkje aleine om å bli pantemillionær.

På dei ti siste dagane av februar kunne tre personar juble for éin million kroner på konto.

  • 19. februar: Ola Ingvaldstad (79) skulle berre ha seg ein sekspakning med øl frå lokalbutikken på Hjelmeland og blei millionær.
  • 24. februar: Mann i 30-åra frå Tønsberg stod i kø for å vaske kle og brukte ventetida på pante tomflaskene i bilen. Då lappen kom ut blei han skjelven.
  • 29. februar: Malin Stana (30) frå Voss trykka på Røde Kors-knappen og trudde ikkje sine eigne auge.

– Det er heilt tilfeldig at tre personar blir pantemillionær på så få dagar, seier dagleg leiar i Pantelotteriet, Gaute Langdal.

Fleire prøver lykka

Sidan oppstarten av pantelotteriet i 2008 har 161 nordmenn vunne toppgevinsten på 1.000.000 kroner.

Tal frå Pantelotteriet viser at meir enn 1 av 3 av dei som pantar prøvar lykka.

Andel i prosent på dei trykker på pantelotteriknappen når dei pantar.

Sidan 2008 har andelen auka av dei som vel å teste pantelotteriet auka.

Foto: pantelotteriet

– I årets prognose ventar vi å omsette for over 400 millionar kroner, seier Langdal.

I 2024 vil det bli delt ut 24 toppremiar på éin million kroner.

Røde Kors jublar

Det er ikkje berre miljøet og dei ferske millionærane som nyt godt av den norske idéen.

Røde Kors har sidan oppstarten fått 770 millionar kroner gjennom Pantelotteriet.

Halvparten av desse midlane går til lokallaga der panteautomatane står.

– Midlane vi får frå Pantelotteriet har stor betydning for arbeidet vårt, seier leiar for Voss Røde Kors, Marie Tveberg, i Pantelotteriets pressemelding.

Les også Flere unge får hjelp: – Når jeg er her, spiser jeg mye

Rich Hoang