Hopp til innhold

No vil Søviknes ta opp kampen om makta på Vestlandet

Terje Søviknes sin avgang kom som ei overrasking på dei fleste. Planen er at han skal bli sentral i å skaffe Frp makt i store samanslåingar i vest.

Terje Søviknes

HEIMEBANE: NRK trefte Terje Søviknes på heimebane i Os i sommar. Då understreka han at han berre i permisjon frå jobben som ordførar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg blei litt overraska over tidspunktet. Eg hadde ikkje venta at han kom no. Samstundes har eg vore vel vitande om at eg berre har fungert som ordførar medan Søviknes har vore i permisjon, seier ordførar i Os, Marie Bruarøy (H).

Ho fekk ordførarkjeda då Søviknes i 2016 tok over som olje- og energiminister. Jobbytet markerte eit skilje i Frp-bastionen Os.

For sidan han overtok makta som 34-åring i 2003, har Søviknes vore ein av dei mest populære og profilerte ordførarane i landet.

Med sine 17 år på kommunehuset i Os, er Søviknes den Frp-politikaren i landet med lengst fartstid som ordførar. Over tid gjorde Søviknes Os til eit utstillingsvindauge for Frp-politikk.

Vil tilbake til lokalpolitikken

Reaksjonane blant osingane er delte.

– Han er ein tyngde i politikken, men det har vist seg at det har fungert utan han også, seier Jan Tore Grindheim frå Os.

Terje Hatvik, også han frå Os, meiner Søviknes er ein lokalpatriot.

– Det er ingen tvil om at han er ein ekte lokalpatriot. Kanskje han føler at han kan utrette meir her enn i nasjonalpolitikken.

Tore Hatvik

OSING: Tore Hatvik frå Os meiner Søviknes er ein lokalpatriot.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

I 2001 blei Søviknes strippa for alle nasjonale leiarverv etter å ha hatt sex med ein 16-åring på eit FpU-landsmøte. Torsdag kom nyhenda om at Riksadvokaten skal vurdera gjenopptaking av saka.

Men i heimkommunen har Søviknes i alle år hatt ei høg stjerne.

Og det er nettopp eit ynskje om å returnera til lokalpolitikken, som gjer at Søviknes fredag vil gå ut av regjering.

– Både Ketil Solvik-Olsen og Terje Søviknes har signalisert internt at dei gjerne vil gjera andre ting. Søviknes vil tilbake til lokalpolitikken og vera med å sikra Frp eit godt resultat i «utstillingsvindauga» Os, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Marie Bruarøy

VARAORDFØRAR: Marie Bruarøy (H) har i halvtanna år fungert som ordførar i Os. Ho er glad Søviknes kjem heim.

Foto: Christian Lura / NRK

Varaordføraren glad

Det er uklart når Søviknes returnerer til vervet som ordførar, men i prinsippet kan Bruarøy vera varaordførar allereie på måndag.

37-åringen, som driv ein frisørsalong på Os, er glad for at Søviknes no returnerer til heimkommunen, men er overraska over tidspunktet.

– Eg tenkte at det kunne vera ei moglegheit då Venstre gjekk inn i regjering.

Bruarøy vedgår at ho gjerne skulle ha sete med makta til kommunestyrevalet i 2019.

– Det skal bli kjekt å få Terje heim igjen, men han kunne godt ha fått vera der ei stund til. Det syns eg òg nasjonen har fortent, for han har gjort ein glitrande jobb som olje- og energiminister.

Terje Søviknes i Os

TAR OPP KAMPEN: Søviknes kan bli aktuell både i toppen av lokallista i nye Bjørnafjorden kommune og som toppkandidat for Vestland Frp.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ordførar og fylkesordførar?

Lokalvalet til neste år blir spesielt viktig, då samanslåinga med nabokommunen Fusa truleg vil bryta opp den sterke posisjonen Frp har hatt i Os.

Kjelder i Frp i Hordaland utelukkar ikkje at Søviknes kan koma til å gå for ein periode som ordførar i den nye samanslåtte Bjørnafjorden kommune.

Men det er først og fremst venta at den mangeårige ordføraren vil spela ei sentral rolle i forsøket på å ta makta i nye Vestland fylke. Det har lenge blitt spekulert i om Søviknes skulle koma heim for å bli Frp sin frontfigur her.

– Søviknes vil også vera med å kjempa om verv i fylkespolitikken, kanskje først og fremst som fylkesordførar, seier Takvam.

Roald Stenseide leiar nominasjonskomiteen for Vestland Frp. Han vil ikkje seia noko om kva rolle Søviknes er tiltenkt før fylkesvalet neste år, dersom 46-åringen stiller seg til rådvelde.

– Det er framleis tidleg i prosessen, og nominasjonskomiteen skal først møtast om nokre veker. Men Terje har gjort ein veldig god jobb som statsråd og ein veldig god jobb på denne sida av fjellet. Gode politikarar er viktige for alle parti, men dei er det mange av i Frp, poengterer Stenseide.