Hopp til innhold

I 2001 vart han erklært politisk død. Sidan har han ikkje gjort anna enn å sitta med makta.

Terje Søviknes har slettes ikkje gjort det enkelt for seg sjølv. Likevel vart han Frp-politikaren som knapt har opplevd å vera i opposisjon.

Terje Søviknes i Osøyro

SVELGJA KAMELAR: – Det er jo det som skjer når ein sit i posisjon. Ein må svelgja kamelar om ein skal få noko til, seier Terje Søviknes.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Om eg er ein utypisk Frp-politikar?

Terje Søviknes brukar å ha svara klart nærmast før spørsmålet er stilt. Men no dreg han litt på det. Gjentek spørsmålet. Myser mot den sommarlege Bjørnafjorden, medan han kjøper seg litt tid.

– Framstegspartiet har jo først og fremst vore eit opposisjonsparti. Eg er jo kanskje den i partiet som har mest erfaring med å sitta i posisjon. Det som skjer når ein sit i posisjon er jo at ein må svelgja nokon kamelar.

Medan andre har gjort opposisjonsjobben i Framstegspartiet, sitt Terje Søviknes i maktposisjon på 19. året. Først 17 år som ordførar i Os kommune. Deretter halvanna år som olje- og energiminister. Ingen i Framstegspartiet kan visa til noko liknande.

Den ferierande statsråden møter oss ved kulturhuset Oseana. På Osøyro midt i hjartet av kommunen som nærmast var for hans kongedømme å rekna, etter fem strake valsigrar mellom 1999 og 2015.

Medan det har storma rundt ein annan av Frp sine statsrådar denne sommaren har Terje Søviknes fått ein etterlengta pause. Få veit meir om korleis ein mediestorm artar seg enn Terje Søviknes.

Kometkarrieren som stranda

Forteljinga om Terje Søviknes si politiske karriere skulle eigentleg ha vore ei anna. Forteljinga om ei kometkarriere. Eigentleg skulle han berre låna ordførarkjeda i Os i to år, etter å ha fått forbausande 36,6 prosent av røystene i kommunevalet i 1999.

Terje Søviknes

FERSK ORDFØRAR: Terje Søviknes avbilda i 1999.

Foto: NRK

Nominasjonskomiteen i fylkespartiet hadde konkludert. Terje Søviknes skulle på Stortinget. Han hadde alt vorte nestleiar i partiet og vart sett på som kronprinsen i partiet. Så dumma han seg alvorleg ut. Skapte ein av dei mest diskuterte politiske skandalane i kongeriket.

– Det skulle ikkje ha skjedd. Det var mitt ansvar, seier Søviknes vel 18 år seinare.

På ein fest i samband med ungdomspartiet sitt landsmøte i 2000 hadde den då 30 år gamle nestleiaren i moderpartiet seksuell omgang med ei 16 år gammal rusa jente.

Då saka vart offentleg kjend året etter, sa Søviknes frå seg alle rikspolitiske verv i partiet. Medan politiet etterforska om det hadde vore snakk om seksuelle overgrep, var Søviknes permittert frå ordførarjobben i tre veker.

Då politiet la bort saka, og konkluderte med «ikkje noko straffbart forhold» kom han tilbake i jobben som ordførar.

politikk

SKAKA FRP: Søviknes-saka skaka Frp i 2001. Nestformann Terje Søviknes måtte til slutt seia frå seg alle verv i partiet, men heldt fram som ordførar i Os. Partiformann Carl I. Hagen og nestformann Siv Jensen kjempa ein forgjeves kamp for Søviknes.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix

Osingane svara med brakval

Sjølv om mange meinte at Søviknes burde trekka seg som politikar etter skandalen, fullførte han perioden som ordførar og stilte til attval. Fekk ei rekordoppslutning på 45,7 prosent, og ny tillit som ordførar.

– Eg gjorde ein feil den gongen. Det skapte mykje vonde kjensler for mange. Men eg bestemte meg likevel for at eg skulle visa at det fanst ein annan Terje, enn den ein kunne lesa om i avisene.

PERMITTERT: Søviknes vart permittert i tre veker medan politiet etterforska saka.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

I åra som har gått er det ingen som har greidd å utfordra Terje Søviknes sin posisjon i Os kommune. I det siste kommunevalet i 2015 heldt kommunen stand som den med høgast Frp-oppslutnad i landet.

– Eg har vorte veldig resultatorientert etter kvart. Vorte opptatt av å skapa konkrete resultat. Det fine med å vera ordførar er jo at resultata vert veldig synlege.

Du har jo måtta svelga nokon kamelar òg?

– Det er jo det som skjer når ein sit i posisjon. Ein må svelgja kamelar om ein skal få noko til.

Lang veg tilbake til rikspolitikken

Nokre av resultata etter Søviknes sine periodar er ekstra synlege. Mellom Os og Bergen vert den etterlengta firefeltsvegen no bygd. Vegen folk hadde kjempa for i mange tiår, men som aldri vart noko av. I sentrum av Osøyro ruvar kulturhuset Oseana. To av prosjekta Søviknes ikkje nølar med å ta mykje av æra for.

Terje Søviknes

OSEANA: Søviknes kjempa ein kamp i fleire år for å byggje kunst- og kulturhuset Oseana. Her avbilda ved opninga 17.juni 2011.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

Nokre har ymta frampå om at Søviknes tok for mykje av æra.

– Søviknes presenterer dei gode nyheitene i første person eintal og de dårlege i tredje person fleirtal. Han er ein glitrande politikar og ekstremt dyktig til å marknadsføra seg sjølv. Han kan kommunen betre enn nokon andre. Og er ein dyktig politisk manipulator, sa ein av Søviknes sine argaste kritikarar, forretningsmannen Eirik Neverdal til Bergens Tidende.

Hatt sin pris

Fleire gongar har dei politiske resultata hatt ein pris. Som då Søviknes trassa partiprogrammet og gjekk inn for å finansiera den etterlengta vegen mellom Os og Bergen med bompengar.

– Som lokalpolitikar var det slik at dersom me ville ha veg, så måtte me akseptera bompengar. I Os så vart det sånn at me aksepterte dette kompromisset, seier Søviknes.

I 2010 var det nettopp denne kompromissviljen ein stoppar for Søviknes sitt forsøk på comeback i rikspolitikken. Sjølv om han var valkomiteen sin kandidat til den ledige plassen i partiet sitt sentralstyre, tapte han mot utfordraren Bård Hoksrud.

Konkurrenten brukte Søviknes sin kompromissiver for alt det var verdt. I tillegg kom fortida tilbake. Kvar gong Søviknes møtte riksmedia måtte han svara for skandalen han aldri vert kvitt.

Terje Søviknes

ATTVAL: Søviknes og Os Frp vann valet i 2015 med 39,4 av stemmene.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Ansvar for arvesølvet

Likevel hadde ikkje Terje Søviknes hastverk med å komma tilbake i rikspolitikken. Han ville ikkje byta ut ordførarjobben for ein kvar pris. Dei som kjenner han seier at han slettes ikkje ville byta ut ordførarkjeda om han kunne risikera å hamna i makteslaus opposisjon på Stortinget.

Terje Søviknes takka nei kvar gong nominasjonskomiteen ville ha han på stortingslista. Han ville ikkje ta sjansen på å mista maktposisjonen.

Først i 2014, 15 år etter at han måtte gå i skam, fekk den tidlegare nestleiaren komma tilbake i den rikspolitiske varmen som sentralstyremedlem i Frp. Då sat partiet i regjering. Sjølv om han alt frå starten var ein heit kandidat, måtte han venta til desember 2016 før han fekk plass i regjeringa som Olje- og energiminister.

Offisiell åpning av Ivar Aasen-feltet.

MINISTER: 17 år etter at måtte gå i skam, fekk Søviknes i desember 2016 ansvaret for det norske arvesølvet, som olje- og energiminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

No styrar mannen som mange rekna bort i 2001 over sjølve det norske arvesølvet. Han kom inn medan pilane i oljenæringa snudde.

– Det har jo vore ei enorm utvikling innan for olje- og gass dei siste to åra. Olje og gassnæringa har verkeleg reist seg igjen etter den djupe bølgjedalen i 2014 til ny optimisme i dag.

Men er du trygg på at du om nokre år kan sjå deg sjølv i spegelen, og seia at oljepolitikken du dreiv var berekraftig?

– Ja. Det meiner eg absolutt. Oljenæringa er underlagt eit strengt klimaregime. Me kan utvikla olje- og gassnæringa og på same tid nå måla våre i Paris-avtalen, meiner Søviknes.

Auka utviklinga av nye oljefelt

Mange er ueinige med Søviknes i nettopp det. Eit av dei store stridsemna har vore kor langt mot nord det er forsvarleg å strekkja norsk oljeutvinning.

– No må me køyra litt på, var beskjeden frå Søviknes då han i 2017 utlyste rekordmange blokker i Barentshavet.

Då Søviknes foreslo å flytta den mykje omtalte «iskanten» mot nord, tente ein som seinare skulle verta regjeringskollegaen til Søviknes på alle pluggar. Ola Elvestuen (V) skulda regjeringa for å skjula at dei flytta grensene for kor langt nord oljeaktiviteten kunne strekka seg.

– Det er det ikkje tvil om. Dei har iallfall ikkje gjort noko for å opplysa om endringa, sa den noverande klima- og miljøministeren.

Terje Søviknes på si side, nølar ikkje med å skryta av at farten har auka i utviklinga av nye olje- og gassfelt.

– Akkurat no har me nett godkjend den siste av ti utbyggingsplanar til ein verdi av 124 milliardar kroner. Dette betyr arbeidsplassar, teknologiutvikling og ikkje minst store verdiar som mellom kjem der eg kom frå, kommunesektoren, til gode.

Han legg til noko om kor viktig trepartssamarbeidet og den norske modellen har vore for gjenreisinga etter krisa petroleumsbransjen. Det er nesten som å høyra ein olje- og energiminister frå eit heilt anna parti.

Jenta si historie

Denne våren måtte Terje Søviknes nok ein gong finna seg i at syndene frå fortida dukka opp på ny. I samband med den internasjonale #metoo-kampanjen fortalde jenta frå Søviknes-saka historia si til Aftenposten og Bergens Tidende.

Den sterke historia gjekk djupt inn på dei fleste. Terje Søviknes måtte på nytt svara på spørsmål om sitt ansvar, og om fortida var i samsvar med rolla som statsråd.

Solberg og Søviknes

STØTTE: – Eg kjem aldri til å unnskylda noko av det han har gjort. På same tid er det eit spørsmål om kor lenge ein ikkje skal kunna delta. Eg meiner folk skal få ein ny sjanse, sa Erna Solberg tidlegare i år.

Foto: Universitetet i Bergen

Statsminister Erna Solberg måtte òg svara for at ein av statsrådane hennar vart skulda for seksuelle overgrep.

– For meg er det sånn: Eg kjem aldri til å unnskylda noko av det han har gjort. På same tid er det eit spørsmål om kor lenge ein ikkje skal kunna delta. Eg meiner folk skal få ein ny sjanse. Det er eit viktig prinsipp, sa Solberg til Dagbladet.

– Det er krevjande. Særleg for familien. På same tid, har eg vore heilt klar på at det som skjedde var mitt ansvar, sjølv om det ikkje skjedde noko straffbart. Eg har jo gjort eit val om å halda fram med politikk, og då må ein rekna med at dette kjem opp på nytt, seier Søviknes.

Unngjekk SV-fella

Då Søviknes gjorde sitt første brakval i Os, var det fleire som hevda at suksessen ikkje ville vara. Valresultata Søviknes oppnådde fortel ei heilt anna historie. Faktisk toppa alle dei etterfølgjande valresultata brakvalet i 1999.

Også i rikspolitikken var det mange som spådde at Frp ville slita med å sitja med makta. At partiet greidde seg med berre ein ørliten tilbakegang etter fire år i regjering, overraskar ikkje Søviknes.

Sjølv om dei bråkete avgangane til Per Sandberg og Sylvi Listhaug har gjort at partiet har opplevd ei aldri så lite bergogdalbane på målingane, er det få ekspertar som vågar å spå langvarige effektar for oppslutninga til partiet.

– Men det overraskar nok mange ekspertar der ute at me har greidd oss så bra. Mange hadde dømt oss nord og ned, og såg føre seg at fløypartiet Frp skulle gå i den same fella som SV gjorde i den raudgrøne regjeringa. Og der skal Siv Jensen ha mykje av æra. Ho greidde få heile organisasjonen med på dette prosjektet.

Terje Søviknes

ORDFØRARKJEDE: Går Søviknes lei av rikspolitikk ligg ordførarkjeda og ventar på han. Han har nemleg ikkje sagt frå seg jobben som ordførar for godt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Med eitt vert Søviknes litt meir uvørden. Frp-rebellen djupt der inne vaknar til:

– Me er jo veldig stolte over å nok ein gong ha motbevist spådommane som kom frå media og ulike eksperthald. Den motivasjonen skal ein ikkje undervurdera, seier politikaren som har sete i maktposisjon samanhengande sidan han sjølv vart rekna bort av mange i 2001.

Berre i permisjon

Me er tilbake der me starta. Kva gjer det med ein politikar frå eit parti som har bygd heile identiteten sin på å vera i opposisjon, å ha brukt 19 samanhengande år i maktposisjon?

Er han ein utypisk Frp-politikar?

– Utypisk? Ja, kanskje er eg det. Eg er nok ein av dei i partiet som likar å sjå det store biletet. For eg veit at alt heng saman med alt, så det er nok ein av dei erfaringane eg har tatt med meg gjennom mange år i posisjon, seier Søviknes.

Og Terje Søviknes har sikra seg. Om regjeringsprosjektet skulle gå i vasken, eller Erna Solberg skulle finna seg ein ny Olje- og energiminister, har han ikkje brent nokon bruer.

I motsetnad til andre ordførarar som har tatt steget inn i rikspolitikken har ikkje Terje Søviknes sagt frå seg jobben som ordførar for godt. Når me spør han om utviklinga i Os kommune seier han framleis «vi», ikkje «dei».

Om Terje Søviknes går lei av rikspolitikken ligg ordførarkjeda og ventar på han. Ordføraren i Os er berre i permisjon.