Hopp til innhold

Han har tent FSK i 44 år - no tek han eitt år til

FLORØ (NRK): Øystein Hjertenes (69) har hatt tillitsverv samanhengande i Florø Sportsklubb sidan 1972. No tek han eitt år til, for han vil gjerne vere med på opprykk til 1. divisjon.

Øystein Hjertenes

STOLT OG GLAD: Øystein Hjertenes let hjarteproblem vere hjarteproblem. Når klubben i hans hjarte kan rykke opp til 1. divisjon greier han ikkje halde seg unna.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For Florø har hatt ein knallsterk sesong så langt i 2. divisjon. Når sju serieomgangar står att toppar laget tabellen. Held dei koken ut sesongen blir det 1. divisjonskampar på Florø Stadion i 2017.

– Det er eigentleg ein draum. Sjølv om Terje Rognsø for tre år sidan sa at no lagar vi ein treårsplan der vi etter tre år skal lukte på 1. divisjon, så var vi inst inne skeptiske til det, meg sjølv inkludert, seier Hjertenes.

No gler han seg over at skepsisen er gjort til skamme, men han ser at det kan bli nokre tøffe tak utover hausten.

– Det er veldig spennande og utfordrande. Det blir close race til siste minutt mot Nest-Sotra. Vi skal møte dei i Florø i nest siste serieomgang, så det blir mange høgdepunkt framover.

Florø-jubel

MYKJE GLEDE: Dei mange Florø-måla i år gler Øystein Hjertenes.

Foto: TRULS KLEIVEN

Eit halvt årsverk - utan løn

Øystein Hjertenes pensjonerte seg for seks år sidan frå jobben som lektor ved Florø vidaregåande skule. No fyller vervet som kasserar i tillegg til ei rekkje andre oppgåver i Florø-fotballen mykje av tida hans.

– Eg meiner at eg legg ned eit halvt årsverk for FSK.

Han gir trenar Terje Rognsø mykje av æra for at Florø no har så godt seniorlag. Men han meiner det i tillegg er mange år med hardt og uløna arbeid frå fleire som no ber frukter.

– Vi er blitt dyktigare på alle nivå i klubben, og då vi for ti år sidan bygde Florø Idrettssenter var det ein av faktorane som var med på å løfte oss.

Blir det opprykk må Florø Sportsklubb innfri ein del krav frå Norges Fotballforbund, mellom anna det som blir kalla profesjonalitet. Klubben har i dag ikkje dagleg leiar, og trenar Terje Rognsø er ikkje løna som trenar, men som marknadsansvarleg. I tillegg er han tilsett i Florø Idrettssenter.

Ikkje løna, men profesjonelle likevel

Øystein Hjertenes seier at korkje han eller Arild Melvær med 11 år som styreleiar kjem til å vere med evig, og at han difor ser fram til at Florø Sportsklubb kan bli driven av folk som får løn for det.

– Men eg reagerer av og til på formuleringar i media og elles om at no må vi bli meir profesjonelle. Det kan hende eg er litt sår der, for eg meiner du finn få personar som har ein slik bakgrunn og er så profesjonelle som Arild Melvær, Terje Rognsø og meg sjølv.

Han meiner det ikkje er slik at klubben blir meir profesjonell fordi det blir tilsett folk som får løn for å gjere den jobben han og andre til no har gjort gratis.

– Vi har fagkunnskap og praksis, og vi kan dette her. Eg er litt redd for at ein del trur at det berre er å gå ned i Strandgata og finne nokre folk, så skal dei greie å drive klubben. Det er ikkje slik, det å drive ein klubb er veldig vanskeleg.

Florø-publikum jublar

STOR ENTUSIASME: Den sportslege suksessen til Florø har ført til at publikum strøymer til stadion og gjer det til ein fest.

Foto: TRULS KLEIVEN

Hjarteproblem og hjerneslag

Når han no har sagt ja til eitt år til som kasserar i FSK er det fordi han tykkjer det er så moro at det går fint etter 44 år i teneste for ein klubb der det har vore mange nedturar. Og han gjer det trass i at helsa ikkje er på topp.

– Eg fekk meg eit skot for baugen i 2004 med hjarteproblem, så fekk eg hjerneslag i 2007. Eg miste mellom anna språket, det er det ingen som kan høyre no. Eg preikar sikkert som ein foss, men det blir slik når du er halvt bergensar.

For innsatsen for fotballsporten vart Øystein Hjertenes i 2014 tildelt Kongens fortenestemedalje. I stova heime på Krokane står eit bilete på peishylla frå audiensen på slottet, der han handhelsar på Kong Harald.

I tillegg til fotballinnsatsen har Øystein også bak seg ein imponerande innsas som sjakkspelar. I 1976 vart han nummer 11 i sjakk-OL, og i sesongen 1979/1980 vann han Norway Grand Prix.

– 100 prosent og vel så det

I stova har han og eit skrivebord. Der sit han med mykje av arbeidet for Florø Sportsklubb, med panoramautsikt sørover og vestover - ut mot øyriket som han set pris på og har gjort seg kjend med.

Arild Melvær

– HAR ALT Å SEIE: Styreleiar Arild Melvær set pris på å ha med seg Øystein Hjertenes.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg er nøgd med situasjonen, eg fylgjer med, eg er kasserar og har masse verv i klubben. Eg jobbar med marknadsføring saman med Terje Rognsø, eg er på kvar ein kamp og har oppgjeret for billettar, kiosksal, dommaroppgjer, ja, alt som har med økonomi å gjere.

Og styreleiar Arild Melvær i Florø Sportsklubb, sjølv med lang fartstid, seier det er heilt uvurderleg å ha ein kar som Øystein Hjertenes med på laget.

– Det har alt å seie. Du treng ikkje tenke på om jobben blir gjort når du veit kven som har teke det på seg. Når Øystein seier at han skal ta seg av noko veit du at det blir gjort 100 prosent og vel så det. Vi har altfor få slike, difor set eg slik pris på at vi har slike nestorar som er til å stole på.

Vil sakne oppgjera mot Førde

I Florø er det mange som gler seg nesten like mykje over at Førde rykkjer ned, som at Florø er på topp. Øystein Hjertenes er ikkje mellom dei. Tvertimot føler han med rivalen lenger inne i fjorden.

– Eg har vore med så lenge at eg har opplevd korleis det er å slite i feil ende av tabellen. Eg har vore med på fire nedrykk frå 2. til 3. divisjon, og det er forferdeleg tungt. Eg har alltid framheva at det er viktig å vere i same divisjonen som Førde, for det betyr mykje for fotballen, den merksemda vi får i media, særleg lokaloppgjera 16. mai.

Desse oppgjera, som gjerne har samla 1500 tilskodarar, kjem Hjertenes til å sakne når Florø og Førde komande sesong kjem til å hamne på kvart sitt nivå.

Og det er ikkje berre saknet av 16. mai-kampane som gjer at han er lei seg for at Førde rykkjer ned.

– Eg har aldri hatt dårlege tankar omkring Førde. Tvertimot kan eg opplyse at eg dei siste ti åra har representert Førde Sjakklubb i vestlandsserien, 1. divisjon og eit par gonger i 2. diviisjon. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid.

Trur på 70-30-sjanse

Men om han er lei seg for at Førde må ned i 3. divisjon så er det langt frå å overskugge gleda over at klubben i hans hjarte no har gode sjansar til eit historisk opprykk til 1. divisjon.

– Eg heller til at vi er på den rette sida av fifty-fifty. Det er Drillo som er ekspert på dette, men la meg seie at eg meiner vi har ein 70-30 prosents sjanse.