Hopp til innhold

No startar kraftprisane klatringa

Samstundes som kvikksølvet kryp lengre og lengre nedover gradestokken, startar straumprisane si klatring oppover...

Video Strømprisen på vei opp

OPPTUR: Pila peikar oppover, men det er ingen grunn til å juble. Det er straumprisane som har starta 'oppturen'.

Foto: Nyhetsspiller

Grunna lågt nivå i vassmagasina, og ein ventande kuldeperiode, kan kan vinteren bli ei dyr oppleving for folk flest.

For kraftleverandørane varslar drastisk prisauke per kilowatt time den neste månaden. På Austlandet skal straumprisen doble seg til 80 øre per kilowatt time.

- Prisen går opp til 54,89 øre frå 29. november, og heile 69,95 øre frå 8. desember, seier kraftdirektør Bjarne Dybvik hos Sogn og Fjordane Energi.

Tidenes høgaste?

Med kulden følgjer auka straumforbruk. Den iskalde vinteren kom seint i fjor, men det gav likevel tidenes høgaste straumpris .

I år har Kong Vinter sine kalde klør kome langt tidlegare. Og den nedbørfattige fjorårsvinteren gjer at straumleverandørar varslar nye høgder for straumprisane i vinter.

- Det er vel ein fare for at dersom det kalde vere held fram i lang tid, så kan ein fort kome i ein situasjon der prisane blir høge i vinter, seier Dybvik.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video RIIS-JOHANSEN I BERGEN

SJÅ: Olje- og energiministeren vil ty til drastiske grep for å unngå straumkrise.

Rasjonering

Ved Sunnfjord Energi kan det bli aktuelt med rasjonering dersom kulden skulle bli vedvarande streng i vinter. Seksjonssjef Tor Arnt Johansen i NVE seier straumprisen allereie er høgare enn på same tid i fjor.

- Straumen i engrosmarknaden er kring 20 øre, kring 60 prosent høgare enn same tid i fjor. Men då hadde våt sommar og haust og veldig god fylling i magasina. Kulden kom seinare enn i år, seier han.

Kan gå ned

Han vil ikkje forskottere vinteren. Det er berre vergudane sjølve som kan gjere noko med straumprisen.

- Normalt er vinteren kald i Norge. Får ein normal vinter, så er det ikkje grunn til å vente noko eksepsjonell endring i straumprisane. Men ekstremt kald vinter, altså kaldare enn normalt og samstundes mindre tilsig til kraftmagasina enn normalt, så kan straumprisane gå opp, seier han. Og legg til:

- Blir det mildt og mykje nedbør, så kan prisane gå ned.

Kald veke i vente

Meteorologane sine prognosar for den neste veka gir ikkje mykje håp om låge straumprisar. Det blir kaldt, og lite nedbør over fjordfylket .