– Når kulda set inn, aukar brannfaren betydeleg, seier branningeniør Christian Fylkesnes i rådgjevningsselskapet ÅF til nyhendesbyrået Newswire.
Han har lang røynsle frå brann- og redningsetaten, og jobbar no med brannsikring av større byggeprosjekt.
- LES OGSÅ:
Adventstida er skummel
Sprengkulda sist vinter førte til ein markert auke i forsikringsutbetalingane på grunn av brann, syner tal frå Finansnæringens Fellesorganisasjon.
– Sprengkulde kombinert med adventstid er ein dårleg kombinasjon. Levande lys, dekorasjonar, fyr på peisen og høgt straumforbruk gjev fleire brannar, seier Fylkesnes.
- LES OGSÅ:
Fyr forsiktig i omnen
Sprengkulde gjer at vi fyrer på ein annan måte enn vanleg, og då kan det gå gale.
– Sprengfyring kan føre til pipebrann. God trekk og litt tolmod er viktig når du fyrer i peisen, er rådet frå Fylkesnes.
Han har høyrt om folk som brukar steikeomnar og kokeplater til oppvarming når det blir kaldt.
Stadig meir av farleg material
Levande lys som veltar og som ofte set fyr på lettantennelege dekorasjonar, er grunnar til fleire dødsbrannar i Norge dei siste åra.
- LES OGSÅ:
Dei fleste som mister livet i brannar i Norge døyr av røykforgifting, syner tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Byrjar det å brenne, er ofte røyken mykje farlegare no enn tidlegare. Grunnen er at vi har stadig meir utstyr som er laga av plast og andre material, som kan gje farlege gassar i ein brann.