Hopp til innhold

Det blir kaldare

Det har vore kjølig ei stund, og kaldare skal det bli. Det seier meteorologen torsdag.

Kaldt og klart

KALDT OG KLART: Slik såg det ut i natt på Deknepollen i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det vert kaldt i dag som i går, seier statsmeteorolog Berit Hagen.

– Og somme stadar vert det kanskje enda kaldare, legg ho til.

HØYR VÊRMELDINGA OG TEMPERATURANE I DAG:

Kanskje kvitt til helga

Eit lågtrykk er på veg frå nord, og det kan føra til snø heilt ytterst på kysten.

Til helga er det venta same vêrtypen. Det ser faktisk ut til at den skal halda seg heilt fram til neste helg.

Svært kaldt

Meteorologane ventar seg mykje fint, men kaldt vêr. Og temperaturane kan gå enda lågare.

Kaldast i dag var Sogndalsdalen og Filefjell, begge stadar meldte - 22 grader. Statsmeteorologen forklarer dette med at kald luft er tyngre enn varm luft, og trekk difor nedover i dalsøkk.

LES OGSÅ:

Stabilt føre

Vegvesenet får kontinuerlig rapportar om temperaturar og føre rundt om i fylket. Roger Nerberg Hylle seier at vêrtypen me har no fører til fine, stabile køyreforhold.

Men enkelte stadar kan det vera glatt, så ein må vera ekstra forsiktig når ein er ute på vegane.

HØYR ROGER NERBERG HYLLE FRÅ VEGVESENET I MORGONSENDINGA:

Temperaturane 06:00 25.11.10

Selje

- 4

Fjærland

- 14

Førde

- 14

Sogndal

- 7

Lervik

- 2

Sognefjellet

- 18

Florø

- 5

Øvre Årdal

- 7

Gullfaks

 2

Sandane

- 7

Loen

- 9

 

 

SJÅ BILDEGALLERIA:

  • SJEKK HEILE VÊRMELDINGA FOR FYLKET PÅ YR.NO

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.