Hopp til innhold

No skal ordbøkene bli enklare å bruka

– Oi! Denne var meir oversiktleg, seier Mathea Nigardsøy (17). No skal Nynorskordboka og Bokmålsordboka få ny utsjånad og bli meir brukarvenlege.

Mathea Nigardsøy, Silvia Bruflot og Fride Høyvik

I BRUK: Mathea Nigardsøy, Silvia Bruflot og Fride Høyvik fortel at dei brukar ordbøkene når dei skriv tekstar i norskfaget.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Den nye nettsida til ordbøkene skal bli luftigare og meir pedagogiske. Målet er at ordartiklane skal bli lettare å lesa.

Den moderne innpakninga er ein del av eit fem år langt revisjonsprosjekt.

Mathea Nigardsøy, Silvia Bruflot og Fride Høyvik går på andre trinn studiespesialisering ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Dei meiner nettsida til dei gamle ordbøkene er «heilt grei», men er samde om ein ting.

– Det er vanskeleg å skjønna kvar du finn bøyinga av orda.

Har intervjua brukarar

Dette er ikkje eit ukjent problem for Margunn Rauset. Ho leiar arbeidet med revisjon av ordbøkene, som Universitetet i Bergen og Språkrådet er ansvarlege for.

Ordboksredaksjonen har gjennomført intervju med både erfarne og mindre erfarne brukarar. Mange hadde erfaringar som likna 17-åringane sine.

– No har me gjort det veldig tydeleg, med ein knapp med teksten «sjå bøying», seier Rauset.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka, betaversjon 2021
bokmålsordboka og nynorskordboka, 2021

GAMAL OG NY: Førebels er ein betaversjon av den nye nettsida tilgjengeleg. – Me har fått mange konstruktive tilbakemeldingar. Det set me stor pris på, seier Rauset.

Vil bruka ordboka meir

17-åringane brukar nettsida når dei skriv tekstar i norskfaget.

– Norsklærarane har vist oss korleis me brukar ordboka, seier Nigardsøy. Etter å ha sett litt på betaversjonen av den nye nettsida, meiner ho det er ei betring.

– Her kunne me funne fram til bøyinga sjølve, utan å få opplæring.

Anette Drage er norsklærar og avdelingsleiar ved Hafstad vidaregåande skule. Ho opplever at elevar brukar ordbøkene for lite. Drage trur det kan vera til hjelp at ordboka no skal sjå litt enklare ut.

Anette Drage, Hafstad VGS

NØGD: Norsklærar Anette Drage er positiv til at ordbøkene skal bli meir brukarvenlege.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Høyvik er einig.

– Eg trur faktisk eg kjem til å bruka ordboka meir no.

For ordboksredaksjonen har det vore eit mål at den nye nettsida skal vera god å bruka både for erfarne og nye brukarar.

Behov for oppdatering

Det fem år lange prosjektet handlar i utgangspunktet om å oppdatera innhaldet i ordbøkene.

– Mykje av innhaldet ser likt ut som det gjorde då det vart laga på 70- og 80-talet, seier Rauset.

Grunnen til at ordbøkene treng ei revidering, er at det norske språket har endra seg. For nokre ord treng ordartikkelen, altså forklaringa på kva ordet tyder, ei oppdatering. På nokre felt har det vore stor utvikling, slik at nye ord har kome til.

– Til dømes er det mange nye ord som følgje av teknologisk utvikling, seier Rauset. Ho nemner orda havvindpark, CO₂-handtering og epilator som døme.

Margunn Rauset, prosjektleiar for revisjonen av Nynorskordboka og Bokmålsordboka

FEM ÅR: Margunn Rauset er prosjektleiar for revisjonen av Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Prosjektet varer frå 2018–2023.

Foto: Pål Adrian Ryen / UiB

Prosjektet starta i 2018 og skal i utgangspunktet vara fram til 2023. Og korleis går dei fram når ordbøkene skal oppdaterast? Frå A til Å, sjølvsagt.

– No er me snart ferdige med bokstaven K. Det er ambisiøst at me skal koma oss gjennom to ordbøker på såpass kort tid.

Må vurdera når ord er norske

Før dei byrja var det om lag 70.000 oppslagsord i Bokmålsordboka og 90.000 i Nynorskordboka. Målet er rundt 100.000 oppslagsord i begge.

Å jobba med ordboksarbeid er noko anna enn det var på 70- og 80-talet. Tidlegare vart orda samla inn manuelt. I dag jobbar dei med ei digital tekstsamling på 2,8 milliardar ord. Med eit breitt og stort datagrunnlag er det ikkje tilfeldig kva ord som kjem inn.

– Orda skal vera i bruk over lang tid, av ulike folk, forklarer Rauset.

Nokre av dei nye orda er ikkje eigentleg nye. Dei har rett og slett ikkje blitt fanga opp tidlegare.

ordbok

BRUKARVENLEG: Den nye nettsida skal vera enklare å bruka, òg for blinde og svaksynte.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Døme på dette er kveldsskift, pyntegjenstand, kuvertbrød og brattkøyring.

No er breakdans og deit og med

Sjølv om kuvertbrød er lagt inn i ordboka, finn du det ikkje der enno. Det skal nemleg kvalitetssikrast. Først skal det lesast av ein av redaktørane i ordboksprosjektet, og så skal ordartikkelen innom Språkrådet som les korrektur og syter for at alt det formelle er rett.

Ei sentral oppgåve for redaksjonen er å fanga opp ord som har kome inn i norsk frå andre språk. Dette gjeld spesielt mange ord frå engelsk.

– Her er det ei vurdering på når ein skal seia at eit ord er norsk, seier Rauset.

Ho forklarar at eit sentralt punkt er om orda har fått norske bøyingar eller inngår i samansetningar.

Til dømes har dei teke inn orda ein breakdans, ein babycall, ein date/deit og å data/deita. Frå andre språk finn du blant anna abaya, balsamico, brioche, cava og cortado.

Førebels er den nye nettsida ein betaversjon, der brukarar kan melda inn tilbakemeldingar.

– Planen vår er at ho skal bli hovudside frå nyttår, seier Rauset.