Hopp til innhold

No skal også dei med rot i økonomien få billig straum

Kraftkommunen snur etter press. No skal også folk med betalingsmerknad få fastpris på straum.

Lærdal sentrum

LÆRDAL: Det ekstraordinære kommunestyremøtet i Lærdal hadde i utgangspunktet ein anna dagsorden, men kretsa i staden rundt ord som «kredittsjekk» og «betalingsmerknad».

Foto: Sverre Hjørnevik

NRK fortalde torsdag om fastprisavtalen i Lærdal som filtrerer vekk dårlege betalarar.

Forklaringa er at kraftleverandøren først gjer ein kredittsjekk på kundane. Dei som ikkje består testen vert «silt vekk».

I eit ekstraordinært kommunestyremøte har dei folkevalde i kommunen no vedteke at administrasjonen «skal finne ei løysing som ikkje ekskluderer nokon frå tilbodet om fastpris».

Den nye omdreiinga kjem etter press både utanfrå og innanfrå.

Blant dei som har kritisert ordninga er Forbrukarrådet, juristar, fattigdomsorganisasjonar og fleire stortingsrepresentantar.

Les også Her får du billig straum, om du har orden i økonomien

Lærdal

Ordførar Audun Mo (Ap) erkjenner at merksemda rundt fastprisavtalane har vore til forlegenheit for kommunen.

Ja, vi kunne godt vore denne mediedekninga forutan, seier han til NRK

Han legg til:

Men sånn er det. Og det kan ha bidrege til at dette vedtaket kom så fort som det gjorde.

Den uttalte intensjonen bak fastprisavtalen var at alle skal med. Har denne saka vore ekstra kjedeleg for deg som sosialdemokrat?

Den har vore kjedeleg for alle. Men no landar vi godt.

Audun Mo

Ordførar Audun Mo (Ap) erkjenner at merksemda rundt fastprisavtalane har vore til forlegenheit for kommunen.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Nabokommunen: – Hos oss får alle

Detaljane i den nye avtalen er ikkje klare. Eit alternativ er at kommunen stiller som kausjonist eller garantist for lærdølane som ikkje består kredittsjekken på eiga hand.

Eit springande punkt i debatten er om kommunen kunne og burde stilt dette som vilkår allereie i den første kontrakten med Kraftriket, som forvaltar straumavtalen «Fastpris Lærdal».

NRK har stilt spørsmål om dette til energiselskapet, men ikkje fått svar.

I nabokommunen Luster, som også har store mengder konsesjonskraft til rådvelde, blir fastprisavtalen administrert av Luster energiverk, som kommunen er deleigar i.

Hos oss får alle, uavhengig av dårleg betalingshistorikk. Vi innførte ordninga nettopp for å hjelpe dei med svak økonomi, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Ifylgje Sogn Avis er det heller ingen kredittsjekk av kundane i kraftkommunane Aurland og Årdal, som har tilsvarande fastprisavtaler.

Fastprisavtalen i Lærdal fekk også merksemd i vinter då kommunestyret vart orientert om at fastpris-kundane brukte dobbelt så mykje straum som dei utanfor ordninga.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Vi kan ta sjølvkritikk

Kommunestyrerepresentant for Lærdal SV, Sæmund Stokstad, seier til NRK at fastprisavtalen «først og fremst har vore eit kjempegode» for folk i kommunen, særleg dei som sit nedst ved bordet.

Vidare seier han at dei no ryddar opp i ein situasjon dei ikkje føresåg då fastprisavtalen vart oppretta.

Det viktigaste vi kan gjere no er å ordne opp i det.

Dette dreier seg om eit kommunalt vedteke velferdsgode som ikkje har inkludert alle. Har SV forsømt seg her?

Vi tek gjerne eit ekstraansvar for dei som treng det mest, så vi kan ta sjølvkritikk på det. Men no tek vi styringa i arbeidet med å rydde opp, og det er ei rolle vi gjerne tek.

Les også Her bruker fastpris-kundar dobbelt så mykje straum som dei andre

Lærdal

Lærdal

I eit ekstraordinært kommunestyremøte i Lærdal har dei folkevalde vedteke at administrasjonen «skal finne ei løysing som ikkje ekskluderer nokon av innbyggarane i Lærdal frå tilbodet om fastpris».

Foto: Lærdal energi