Hopp til innhold

50.000 volt i kroppen skal stogga kriminelle

Elektrosjokkvåpen blir no rulla ut til politiet i heile landet. Våpenet er så kraftig at dei vil unngå å bruka det mot sjuke, gravide og eldre.

– Slepp kniven, elles risikerer du å bli skoten med taser. Det er 50.000 volt i taseren. Slepp kniven!

Taser, taser, taser!

Slik lyder åtvaringa frå politimann Christian Wierøed-Pedersen i Bergen i det han trekkjer elektrosjokkvåpenet og siktar. Men denne gongen er det berre ein figur han sender dei to pilene med straum inn i.

Vest politidistrikt er i full gang med å læra opp tilsette i bruk av det nye våpenet som politiet no har fått tilgang til. Håpet er at heile distriktet skal ha fått opplæringa før sommaren.

Avgjerda om at politiet skulle få elektrosjokkvåpen vart teken av regjeringa hausten 2021.

– Det er positivt at politiet kan bruke noko i staden for skytevåpen, sa dåverande justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) til NRK.

Målet er at alle politidistrikt skal nytta våpenet innan utgangen av 2023.

– Eg tenkjer det er bra at elektrosjokkvåpen i nokre tilfelle kan erstatta bruk av skytevåpen. Eg trur det er bra for både politi og publikum at me får eit nytt maktmiddel, seier André Lilletvedt. Han er seksjonsleiar for operativ opplæring i Vest politidistrikt.

Christian Wierøed-Pedersen holder elektrosjokkpistol.

Christian Wierøed-Pedersen siktar med elektrosjokkvåpenet til politiet.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Mellom peparspray og pistol

Lilletvedt ser føre seg at elektrosjokkvåpenet kan bli brukt i situasjonar der nokon trugar anten politiet eller andre med til dømes kniv eller øks.

Elektrosjokkvåpenet kan nyttast der maktmiddel som batong og peparspray ikkje har lang nok rekkevidde, men skytevåpen ikkje er nødvendig.

– Då kan me ha meir avstand til situasjonen og gjera betre vurderingar, seier Lilletvedt.

Taseren fungerer ved at to piler blir skotne ut. Når dei treff kroppen, sender det opp mot 50.000 volt gjennom kroppen til den som er treft i fem sekund. Målet er å mellombels lamma den som er treft.

– Det er eit sjokk for kroppen å bli treft. I situasjonar der det er openbert sjuke personar, gravide og eldre må me vurdera nøye om me skal bruka det, seier Lilletvedt.

Har starta opplæring over heile landet

Politidistrikta Sør-Vest, Troms og Øst, i tillegg til beredskapstroppen i Oslo politidistrikt, har hatt elektrosjokkvåpen sidan 2019 som eit prøveprosjekt.

I ein rapport NRK fekk tilgang til hausten 2021 skreiv politiet at enkelte av dei 90 som hadde blitt skotne hadde fått «lettare skadar».

POD har registrert tilfeller av lettere skade på motpart. Dette dreier seg hovedsakelig om skrubbsår som følge av fall eller blødning etter treff av pil.

Politidirektoratet i brev til Justis- og beredskapsdepartementet

(...) kun en pågrepet fikk lette kutt-skader etter fall på glass-skår.

SØR-VEST POLITIDISTRIKT I RAPPORT
Politimann holder elektrosjokkpistol.

Elektrosjokkvåpenet kan også senda straum på kort avstand, i tillegg til å skyta ut straumførande piler.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Så vidt Politidirektoratet veit er opplæringa i bruk av elektrosjokkvåpen starta i alle politidistrikt, utanom Agder.

Målet er at absolutt alle politidistrikt skal ta dette verktøyet i bruk innan utgangen av 2023, seier Sidsel Linden, pressekontakt i Politidirektoratet.

Lilletvedt seier det vil bli vanleg å sjå politi med elektrosjokkvåpen.

– Dette er eit hjelpemiddel som kvar politipatrulje skal ha. Det er ikkje alle politifolk som skal gå med det på hofta, men ein del vil gå med det på seg.

Trur du elektrosjokkvåpen vil bli mykje brukt?

Nei, det trur eg ikkje, seier Lilletvedt.