I dag er 19 fjellovergangar og strekkjer spesielt utsette for vêrforhold vinterstengde. Men det skal bli betre.
Fredag 29. april klokka 08 opnar Nord-Europas høgste fjellovergang, Sognefjellet, etter fem stengde månader. Den første tida blir det nattestengingar.
– Vi er ikkje heilt der. Målet var 1. mai, men det er meldt snø att. Det er vel sagt opning 5. mai, seier Olav Birger Hæreid, ein av to som ryddar Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø for snø.
– Fort solbrend
FLOTT: Olav Birger Hæreid har hatt flotte arbeidsdagar i fresen sin på Tindevegen.
Foto: PrivatKring 24 kilometer av fjellovergangen i Indre Sogn er vinterstengd. Tindevegen kortar landssambandet mellom Bergen og Trondheim. Den kortar også avstanden frå Sognefjorden til dei ettertrakta tindane i Jotunheimen.
Hæreid brøyter frå Årdalssida. Den siste tida har fresen vore ein fabelaktig arbeidsplass under blå himmel og strålande sol.
– Heilt nydelege dagar. Du kan fort bli solbrend. Eg har gått i t-skjorte, og det i 1.300 meters høgde, fortel Hæreid.
Sju meter høge brøytekantar
Tindevegen, som fyller 50 år i år, har fått rikeleg med snø i vinter.
– På det meste er brøytekantane fire meter høge. Sognefjellet har nok større kanter enkelte stader, seier Terje Weka, som har fresa frå nord.
UTSIKTA: Dette er den upåklagelege utsikta Olav Birger Hæreid har hatt siste to vekene.
Foto: Privatfoto– Vi må vere litt forsiktige. Det kan vere tett snø i botn, enkelte stader is. Er du uforsiktig, så står fresen plutseleg bom fast, seier Hæreid.
Brøytearbeidet har gått fint. Snart kan bilane igjen rulle på den populære turistvegen.
Lokalt næringsliv ser fram til at turistsambandet Tindevegen/Sognefjellet opnar. Dei siste ti år har trafikken dobla seg, og nærmar seg 60.000 bilar.
– Grunna koronapandemien auka trafikktala frå 49.000 til 56.000. I løpet av eit toppdøgn på høgsommaren passerer det 1.000 køyretøy, seier styreleiar i Tindevegen Frank Eldegard.
LIVSNERVE: Vegen over fjellet frå Austlandet er ein del av livsnerven for verdsarvbygda Geiranger. (FOTO/REDIGERING: ØYVIND BERGE SÆBJØRNSEN/NRK)
Ventar på turistane
GODVÊR: Det er ikkje berre fine dagar for maskinførarane på Sunnmøre. – Det er kjempeflott slike dagar, men det er ikkje lenge sidan det kom ein meter snø, seier Dag Snorre Grønningsæter.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKLenger nord på Vestlandet ventar turistmagneten Geiranger besøk frå hundretusenvis.
Dei fleste kjem over fjellet frå Austlandet, men kvar vår ligg verdsarvbygda sin livsnerve under metervis med snø.
– Er vi driftige og held på jamt, så klarer vi ein kilometer om dagen. Men vi har nokre veker att, seier maskinførar i Veidekke, Dag Snorre Grønningsæter.
LITT EKSTRA: På godvêrsdagane prøver mannskapa å arbeide litt lengre dagar for å kome så langt så mogleg med ryddearbeidet.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHeller ikkje han klagar på arbeidsforholda høgt til fjells.
– Det er ikkje telefondekning, så det er fredeleg, humrar han.
Uvisse for Trollstigen
Også Nasjonale Turistvegar sine åtte vinterstengde strekkjer er byrja å opne att.
Reiselivskontakt Trine Kanter Zerwekh seier det er knytt uvisse til eitt av dei største nasjonale ikonpunkta.
– Valdresflye er opna, Gaularfjellet blir rydda og Sognefjellet kjem snart. Så var vi uheldige over Trollstigen, der eit snøskred øydela inventar, vindauge og glas i kafeen, seier ho.
Skredet, som truleg kom frå fjellet Bispen, skadde også stabbesteinar og betongkantar.
– Anlegget blir opna etter kvart. Det er verre med kafeen, seier strekningsleiar Lars Erik Rødstøl.
Bygget må ryddast for eit par meter snø før han kan seie noko om skadeomfanget.
– Men først må vi fjerne eitt par meter snø ute, så vi får arbeidsrom. Det kan ta nokre veker, seier han.