Ordførarane i Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal bør innan tre veker bli samde om kva som skal vere kommunesenter i regionen.
Intensjonsavtalane om kommunesamanslåing er nær klare, med fem ulike alternativ for nye kommunar i midtre og indre Nordfjord, men framleis har ein ikkje bestemt seg for verken namnet på kommunen eller kommunesenteret.
Prosjektleiar for dei fire nordfjordkommunane Harald Risnes seier ordførarane no må ta fatt på arbeidet.
– Vi ventar på ordførarane i styringsgruppa, dei får ta vala. Intensjonsavtalane skal ligge føre i fyrste del av november, så vi ventar i spaning vi, humrar Risnes.
Må bli samde
Den niande november skal ordførarane møtast. Før jul skal kommunestyra få framlegga på bordet, og deretter forkaste eller godkjenne intensjonsavtalane.
Ordførar i Stryn Sven Flo (H) veit det blir krevjande.
– Det er no vi kjem inn på dei krevjande spørsmåla. Anten blir vi samde om noko vi kan gå vidare på, elles strandar det. Kanskje fell enkelte av alternativa ut av prosessane, seier Flo.
Lita tru på Grodås
I arbeidsdokumenta så langt er det berre Hornindal som i det heile teke ikkje blir nemnt som framtidig kommunesenter, men ordførar Stig Olav Lødemel (H) har ikkje gitt opp trua.
– Det var vel ikkje overraskande, storleiken teken i betraktning. Men ingen kan ta frå oss plasseringa vår. Med Stryn, Eid og Hornindal til dømes så kjem ein ikkje utanom Hornindal.
Lødemel seier Hornindal også held døra open mot Sunnmøre.
– Uhyggeleg bakstreversk med store rådhus
I Eid meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) at ein ikkje må henge seg opp i gamaldagse tankemåtar.
– For meg er det ein uhyggeleg gamaldags og bakstreversk måte å tenke på at vi skal plassere eit rådhus ein stad, og i det rådhuset skal alt av kontor ligge. Slikt gjorde ein på 60-talet, men det er ikkje slik vi skal jobbe i framtida.
Bjørlo meiner det viktigaste er å samle fagmiljøa, men at ikkje alle fagmiljøa treng å vere same stad.
– Tenestene vil vere på nett, innbyggarane vil møte kommunen på heilt andre måtar. Her handlar det om å finne funksjonsfordelingar slik at alle kommunane kjem godt ut av det.
Krev bru Anda-Lote
Ingen av ordførarane vil i dag setje foten ned og krevje rådhuset til sitt kommunesenter, heller ikkje ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad (Sp).
– Dette er ei oppgåve som ein er nøydde til å ta fatt på, og eg er nøgd med at ein tek dei tøffe diskusjonane tidleg.
Men Gloppestad er også tydeleg på at ei kommunesamanslåing nord om Nordfjorden er lite aktuell om ein ikkje får til ei ferjefri løysing mellom Anda og Lote mot Eid.
– Ei kommunesamanslåing nordover er mykje lettare å få til om ein får ei bru der ferja går, dette er det brei semje om i Gloppen. Eg har mest tru på ei kommune som heng saman i midten, så går det vel an å bygge den på.