Hopp til innhold

No kjem elbussane til bygda

Skyss har tildelt kontraktane for lokalbussrutene for Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og i Nordfjord for dei neste ti åra. I alt fem selskap konkurrerte i det som er første anbodsrunda for buss i Vestland fylke.

Tide Buss fekk rutene i Hardanger/Voss, medan Modalen/Eksingedalen Billag fekk rutene i Modalen/Vaksdal. Firda Billag skal køyre i Nordfjord.

Kontraktane legg opp til betydelege reduksjonar i klimagassutsleppa. Reduserer selskapa desse med 90 prosent, kan kontraktane forlengast med tre år.

– Elbussane tar endeleg steget frå byen til bygda, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Tide åleine har klar rundt 100 elbussar til Hardanger/Voss-ruta, opplyser dei til NRK.

Elbuss
Foto: Bent Lindsetmo