Hopp til innhold

No kjem den første hauststormen

Meteorologane ber deg halde på hatten og sikre lause gjenstandar. I ettermiddag kan vinden kome opp i full eller sterk storm ved Stad.

Kråkenes fyr

VÊRHARDT: Kråkenes fyr sør for Stad er ein av dei med vindfulle stadene i landet. No bur dei seg på årets første storm.

Foto: Bickhardt, Thomas / SCANPIX

– Eg kan ikkje hugse at det har blåse så sterkt etter sommaren, så det er nok den første hauststormen i år, konkluderer statsmeteorolog Frode Hassel.

Og han har heilt rett. For kollegaen som sit på statistikken skriv på Twitter at vi ikkje har opplevd så sterk vind sidan april i år.

Laster Twitter-innhold

Sterk storm

Du gjer lurt å finne fram paraplyen eller regnkleda. Lågtrykka frå vest står nemleg i kø. Og med dei kjem vinden og regnet.

I ettermiddag vil det blåse full storm ved Stad. Og han utelukkar ikkje at vinden kan kome opp kortvarig sterk storm i same området.

– Etter kvart vil vinden dreie litt, og sørvesten vil blåse stiv til sterk kuling oppover kysten til og med Trøndelag. Samstundes vil den sør for Stad roe seg ned til liten kuling.

Tysdagen vil og verte ein vindfull dag med kuling langs kysten frå Sogn og Fjordane og nordover til Nordland. Også denne dagen vil det ikkje uventa blåse sterkast ved Stad, med stiv til sterk kuling frå sørvest.

– På onsdag derimot vil vinden roe seg heile området, og vi ventar at det vil blåse frisk bris til liten kuling, seier Hassel.

Måløybrua

STERK VIND: Vindmålaren ved Måløybrua måndag føremiddag syner at det alt er byrja å blåse kraftig på kysten.

Foto: Marius Strømmen

Åtvarar mot kraftige vindkast

Det er kysten og fjella langs kysten som får merke den sterkaste vinden. Men meteorologen åtvarar også folk som bur lenger inne i fjordane.

– Det kan kome vindkast som slår ned i enkelte fjordarmar. Det kan vere rolegare i periodar, før det plutseleg kan slå ned.

Uansett, når det er meldt kraftig vind, så er det alltid lurt å feste lause gjenstandar i hagen, oppmodar meteorologen.

– Eit lite håp

Med vind følgjer det ofte også nedbør. Så er tilfelle også denne gongen. Spesielt i ytre og midtre deler av Nordfjord vil det verte ekstra vått det komande døgnet. Her reknar Hassel med at det vil regne mellom 40 og 65 millimeter i løpet av 24 timar.

– Det er ganske vått, men ikkje ekstremt.

– Kan vi no slå fast at hausten er komen, i alle fall når det gjeld vêret?

– Det vert ei nokså fuktig og vindfull veke. Det er vert nedbør kvar dag. Torsdag er det vesle lyspunktet. Då får vi kanskje og periodar med sol og spreidde byer. Så torsdag er vel eigentleg den einaste dagen det er så nokolunde håp. Elles ser det nokså grått og trist ut.