Hopp til innhold

Arkeologar fekk vikingfunn levert på «sølvfat»

Arkeologar treng ikkje alltid å leita etter dei store funna. Denne gongen blei det levert på døra.

Vikingfunn på fat

Dette er deler av vikingfunnet som blei levert på døra til Arkeologisk museum i Stavanger. Dei kvite perlene som følgde med, er frå moderne tid.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Førre veke vart gjenstandane bokstaveleg talt leverte på eit sølvfat, eller rettare sagt, eit tinnfat, seier arkeolog Kristine Sørgaard ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

Sørgaard vart kalla til resepsjonen som nett hadde teke imot eit tinnfat med ein plastpose frå ein givar som ynsker å vera anonym. Ho var ikkje i tvil då ho opna plastposen med det rare i. Dei ovale spennene, armringane og dei fleste av perlene er tidstypiske for fine husfruer på 800-talet.

Funnet er på over 50 perler og to draktspenner.

Vikingfunnet i Frafjord

To armringar, forsølva spenner og eit perlesmykke med over 50 perler – slik såg funnet ut da det vart levert til Arkeologisk museum.

Foto: Arkeologisk Museum Stavanger

– Draktspennene har sete oppe på brystet og heldt selane på kjolen saman. Desse blei masseprodusert i vikingtida, fortel Sørgaard.

Ei av dei blå perlene liknar andre perlar som er daterte til år 850, og tidfestar difor store delar av funnet.

Arkeologane veit ikkje korleis dei tre blåe glassperlene frå eldre jernalder hamna på kjedet til Frafjord-kvinna.

Dette er perla som daterer heile funnet til år 850. Det er fordi den liknar perler som tidlegare er tidfesta.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

70 år sidan funnet

– Ein kan sjå på overflata til spenna at ho er veldig støvete. Så den har nok lege i ei stove. Det er viktig at ho vart levert inn nå for bevaring, fortel konservator Louise M. T. Jensen.

Givaren er ikkje den som gjorde funnet, men vedkommande har fortalt til museeet at det er omtrent 70 år sidan draktutstyret vart oppdaga i Frafjord i Gjesdal kommune.

Sørgaard veit ikkje årsaka til at museet ikkje har vorte kontakta før nå.

– Ofte er det slik at folk er redde for å levera inn funn fordi dei trur at det kan få fryktelege konsekvensar. Me prøver å informera om at ein ikkje treng å frykta at me til dømes grev opp heile eigedomen, seier Sørgaard.

Konservator Louise M. T. Jensen og arkeolog Kristine Orrestad Sørgaard viser fram tinnfatet med nokre av vikingfunna

Konservator Louise M.T. Jensen og arkeolog Kristine Orrestad Sørgaard viser fram tinnfatet med nokre av vikingfunna.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Funn som er eldre enn frå 1537 skal bli rapportert og levert til kulturminnevernet.

Moteriktige perler

Gjenstandane fortel ei historie om ei kvinne i det øvre samfunnssjiktet. Perlekjeda har truleg hengt mellom dei to ovale spennene, slik det var på moten den gong.

Draktspenne fra Vikingtida

Denne draktspenna har truleg høyrt til ei velståande kvinne i vikingtida.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I funnet er det både mosaikk-perler og gull- og sølv-folierte perler som skulle etterlikna gull og sølv.

Men det mest spesielle er nok dei tre blå glasperlene frå eldre jernalder. Dei er meir ein hundre år eldre enn dei andre perlene.

– Då er spørsmålet om dette er ei samanblanding med ei eldre grav. Det veit me ikkje. Ein annan moglegheit er at det er arvegods som ho har arva frå kvinner i slekta.