Hopp til innhold

Håvard snubla over sølvskatt frå vikingtida: – Trudde det var takrennekrokar

– Det er jo slikt ein håpar på. Å finne ting frå vikingtida er ein draum, seier metalldetektor-entusiast Håvard Børvik.

– Først trudde eg det var nokre takrennekrokar i aluminium, men det var det ikkje. Det er kraftige og tunge greier.

Det seier Håvard Børvik. Han jobbar eigentleg på ein servicebåt i eit oppdrettsselskap, men har som hobby å bruke metalldetektor.

Tidleg i august i år, på eit beiteområdet på Vinjen på Engeløya i Steigen, fann han og kompisen Einar-Arve Lagård noko spesielt.

Rundt 7 cm under bakken fann han tre armband eller armringar i sølv.

– Ein draum

– Dei var halvannan centimeter breie, og passa kanskje til damehandledd, iallfall dei som eg fekk opp av jorda, seier Børvik.

Håvard Børvik fann tre tunge sorte sølarmband i bakken. Angivelig fra vikingtidene.

Slik ser dei tre første armringane som Håvard Børvik og Einar-Arve Lagård fann då dei var ute med metalldetektor.

Foto: Privat

Og legg til:

– Det er jo slike funn ein håpar å finne når ein går og leita. Det å finne slike ting frå vikingtida er ein draum, seier Børvik.

Børvik fortel at dei framleis kunne sjå at det låg minst fire armband til lenger ned i jorda.

Håvard Børvik ikledd grønn jakke og caps.

Håvard Børvik jobbar eigentleg på ein servicebåt i eit oppdrettsselskap, men har som hobby å bruke metalldetektor.

Foto: Privat

– Det var første dagen eg har gått på det området. Det var veldig artig. Det er eit området det eigentleg har vore mykje søppel.

Då Børvik fann dette, gjorde han som alle bør gjere når ein søker med metalldetektor og finn noko, han meldte ifrå om funnet til fylkeskommunen.

– Vi er lovpålagd å ta kontakt og melde om funnet etter ein vyrkedag.

Funnet gjorde at arkeologane kast seg rundt og drog for å sjå kva meir som skjulte seg under bakken.

Utgraving av sølvskatt på Engeløya i Steigen

Her grev arkeologane på resten av sølvskatten på Engeløya.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

På Engeløya i Steigen ligg fortidsminna tett. Her ligg Nord-Noregs største gravhaug, eit merkeleg militæranlegg og ein høgreist bauta frå jernalderen.

Ein knapp månad etter at Børvik og Lagård grov opp dei første sølvarmringane kom fleire arkeologar frå Nordland og Troms til funnstaden i Steigen for å undersøke og kartlegge funnstaden.

– Unikt funn

Det tok ikkje lang tid før arkeologane kunne konstatere at det låg fleire armringar i jorda.

Sølvskatten ligg gravlagt bak ein svær kampestein.

– Så langt ser det ut som det er snakk om et depot. Altså at nokon har lagt verdisaker ned i marka. Kanskje fordi dei skulle kome tilbake seinare og hente det. Eller for å gøyme det unna frå nokon som skulle ha tak i det, seier arkeolog Anna Roth Niemi.

At man fekk fleire godt bevarte gjenstandar av edelt metall i bakken, er ikkje kvardagskost for arkeologar.

Tre sølvarmband ligger under bakken.

Håvard Børvik seier armringane er halvannan centimeter breie, og truleg passar eit damehandledd.

Foto: Privat

– Det er ganske unikt at vi kan komme hit og hente dei opp der de ligg. Sist det skjedde var for 15 år siden.

Niemi fortel at armbanda som allereie er gravne opp har såkalla stempeldekor – som blei brukt for å gjere smykke og gjenstandar penare.

– Vi kjenner igjen same dekor frå andre sølvgjenstandar frå vikingtida. Vikingane var svært interessert i sølv. Det var ettertrakta, seier Niemi.

Les også: Fann høg mann frå jernalderen med ryggvondt og biholebetennelse

Skjelett-funn på Gimsøy i Lofoten
Skjelett-funn på Gimsøy i Lofoten

Før sølvet er undersøkt er det vanskeleg å slå fast heilt nøyaktig alder, forklarer Niemi.

– Men vi veit at vikingtida varte frå år 800 til etter tusentalet. Vi håpar å finne meir daterbart materiale på funnstaden som gjer at vi kanskje kan tidfeste når dette blei lagt i bakken.

Det er mykje historie som kan avdekkast i forbindelse med ei slikt funn.

– Funnet her på Engeløya kan si noko om samfunnet her. Om maktforhold, krig og ufred.

Les også: Fant nesten 10.000 år gamle hodeskaller i populært festivalområde: – Ubegripelig

2009 07 11: Sivert Høyem og Ingrid Olava med band i Kirkhellaren på Sanna i Træna under Trænafestiva
2009 07 11: Sivert Høyem og Ingrid Olava med band i Kirkhellaren på Sanna i Træna under Trænafestiva

Tor-Kristian Storvik, arkeolog ved Nordland fylkeskommune, seier at han også blei opprømt av funnet.

– Vi ante kva vi såg konturane av. Den storleiken her er nok så uvanleg. Her i Nordland har vi nok ikkje vore borti noko liknande før.

Arkeologane skal undersøke om armringane er gravne ned samstundes eller over tid.

– Vi er veldig interessert i å dokumentera samanhengen som funnet ligg i. Slik at vi forstår kva som skjedde då gjenstandane hamna i jorda.

No skal sølvskatten bli tatt med til Kulturhistorisk laboratorium ved Tromsø museum. Her skal smykka sikrast slik at de ikkje utsettast for nedbryting.

Keth Elisabeth Lind, seniorrådgiver, Norges arktiske universitetsmuseum, Anja Roth Niemi, fagleder forvaltningsarkeologi, Norges arktiske universitetsmuseum, Tor-Kristian Storvik, arkeolog, Nordland fylkeskommune, Anna Kuukua Buduson, konservator, Norges arktiske universitetsmuseum.

Keth Elisabeth Lind, seniorrådgjevar, Norges arktiske universitetsmuseum, Anja Roth Niemi, fagleiar forvaltningsarkeologi, Norges arktiske universitetsmuseum, Tor-Kristian Storvik, arkeolog, Nordland fylkeskommune, Anna Kuukua Buduson, konservator, Norges arktiske universitetsmuseum.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Deretter vil gjenstandane bli studert. Så forsvinn dei inn i magasina, og vert tilgjengeleg for forskarar.

Eit vikingeldorado

Håvard Børvik fortel at heile Engeløya har mykje vikinghistorie. Det er likevel første gongen han finn noko frå vikingtida.

– Men eg har funne eit øksehovud som er datert til år 500 til 1500-talet av arkeologar.

Les også: Ordet «skål» kan stamme frå ein morbid gest: – Tømte ut hjernen og hadde i noko smakfullt

Skål
Skål

Brukar du mykje tid på denne hobbyen?

– Ikkje så mykje som ein har lyst til. Ein må jo vente til at det passar for grunneigar, og at det ikkje er dyrka jord eller at det går dyr der. Det har kanskje blitt ein 10–12 turar i år.

Utgraving av sølvskatt på Engeløya i Steigen

Funnstaden ligg bak ein stor stein. Slik skulle sannsynlegvis dei som grov den ned, finne att smykka. Men slik gjekk det ikkje.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Han byrja med metalldetektor for eit år sidan. Første dagen fann han ein sølvmynt frå 1765, og då vart han ikkje mindre gira.

– Å finne slike ting frå vikingtida, er ein draum. Det er så lite sannsynleg, det skal nesten ikkje gå an, seier Børvik og legg til:

– Eg er jo veldig interessert i historia og kvifor det har hamna der, men der kjem vi sikkert aldri å finne ut av.

Les også: Har gjort oppsiktsvekkende myntfunn i Nordland

Romersk mynt fra vikingetiden som ble funnet med metalldetektor på Dønna.
Romersk mynt fra vikingetiden som ble funnet med metalldetektor på Dønna.