Hopp til innhold

No kan folk i Odda bestille bussen når dei vil

Som første kommune i Vestland testar Ullensvang ei ny ordning der folk kan bestilla bussen gjennom ein app på mobiltelefonen.

Nytt busstilbud i Odda

«HENT MEG»: Folk i Odda har fått seg eit nytt busstilbod.

Foto: Skyss

– Bussen er alt på veg. Det seier tidlegare ordførar i Odda og no pensjonist, Toralv Mikkelsen. Han sjekkar appen han har lasta ned på mobiltelefonen sin.

– Eg har bestilt ein buss som skal hente meg klokka 10.30. Det ser vil ut som den akkurat no er nede ved sjukehuset omtrent, så den er ikkje langt vekke.

I dag skal han ned på rådhuset for å vere tilhøyrer under formannskapsmøtet.

Eit prøveprosjekt

Det er kollektivselskapet Skyss som har sett i gang tilbodet. Inntil vidare er det snakk om eit prøveprosjektet. Frå før er eit liknande tiltak prøvd ut av selskapet Kolumbus i Sauda i Rogaland. Også fleire andre plassar i landet snusar dei på liknande tilbod.

– Bussen kom den. Eg hadde og kontroll på når tid han kom, seier Mikkelsen, idet han stig inn. Denne fyrste dagen vankar det og blomar til han og andre passasjerar.

Fire ordinære busslinjer i Odda- og Tyssedalområdet, vert no lagde ned. I staden skal ein til to bussar vere tilgjengelege innanfor det same området, men utan faste køyretider og ruter.

Hent meg buss Odda

FYRSTE PASSASJER: Toralv Mikkelsen fekk æra av å vera første passajser, og for det vanka det blomar. Til høgre utvalsleiar Jannicke Clarke i Vestland fylke.

Foto: Tale Hauso

Mobil, nett eller telefon

Frå no av kan folk i Odda bestille bussen via mobil, nett eller vanleg telefon. Så hentar bussen deg på næraste haldeplass, når du sjølv vil.

– Hensikta er å gje folk eit betre tilbod. Samstundes slepp vi å køyre rundt med tomme bussar, seier utvalsleiar for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke, Jannicke Clarke.

Passasjer Toralv Mikkelsen er spent på korleis det nye tilbodet vil fungere.

– Særleg blant eldre folk kan det ofte vere litt skepsis til nye ting. No vert ein nøydd til å gjere noko sjølv dersom ein har tenkt seg med bussen.

Ventetid på 20 minutt

For transportselskapet Skyss og Vestland fylke er målet å få til ei betre teneste til kundane.

– Målet er fleire avgangar til kundane. Samstundes håper vi å få meir ut av midla vi bruker til kollektivtransport, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

Inntil vidare er det litt uklart kor lenge folk må vente på bussen. I utgangspunktet er målet er at den skal vere på plass hos folk i løpet av 20 minutter etter at du bestiller den.

– Alt i alt er eg godt nøgd med det nye tilbodet, seier eks-ordførar Mikkelsen.

Målfrid Vik Sønstabø

YNSKJER SEG EIT BETRE TILBOD: Målfrid Vik Sønstabø er direktør i Skyss.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS