No kan dei endeleg skåle for meir sidersal på garden

BALESTRAND (NRK): 13 år etter at dei søkte om løyve til å selje sider frå lokala sine kan Ciderhuset endeleg sprette sin finaste heimebrygga sjampanjesider.

Endeleg kan dei sprette sin finaste cider på Ciderhuset i Balestrand.

JUBEL: Regjeringa har i dag sagt ja til at lokale alkoholprodusentar kan få selje drikkevarer sterkare enn 4,7 prosent direkte frå produksjonslokala. Det gler Åge Eitungjerde, Eli-Grete Høyvik og Gard Eitungjerde Høyvik i Ciderhuset.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Folk har blitt skaka, oppgitt og nærast fornærma når dei ikkje får kjøpe produkta våre her, seier Eli-Grete Høyvik.

Ho og dei andre ved Ciderhuset i Balestrand fekk i dag den etterlengta meldinga om at det blir lov å selje eigenprodusert alkoholhaldig drikke sterkare enn 4,7 prosent. Dei søkte om å få lov til dette allereie i 2003.

– Vi har eit heilskapleg tilbod til reisande, der dei kan få smake på god mat og drikke. Mange har spurt om å få kjøpe med seg av drikka, men vi har vore nøydde til å seie nei, forklarar ho.

Når meldinga om lovendringa kom måtte Gard Eitungjerde Høyvik prøveplassere produkta med ein gong.

ENDELEG: Når meldinga om lovendringa kom måtte Gard Eitungjerde Høyvik prøveplassere produkta med ein gong.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Årsaka er det norske alkohollovverket, som ikkje har tillate sal av dette før. No blir det opna opp for at drikke med ein høgare alkoholprosent enn 4,7, som ikkje er produsert av druer, kan bli selde direkte frå staden dei er produserte på.

– Endringane som no vert fremja vil gjere at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte. Det bøndene produserer bør dei også kunne selje direkte frå garden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Ikkje for alle

Sjølv om regelverket vert oppmjuka er det ikkje snakk om frislepp. Ein produsent får ikkje lov å selje meir enn 15 000 liter per år, og produkta kan ikkje vere tilsett brennevin eller vere blanda med andre alkoholhaldige drikkevarer. Salet skal også vere ein del av eit heilskapleg tilbod, og minst ein tredjedel av råvarene må vere produsert på garden eller sjølvplukka.

Landbruksminister Jon Georg Dale

ENDRA LOVA: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale trur oppmjukinga av regelverket kan gje grunnlag for fleire arbeidsplassar i distrikts-Noreg.

Foto: Mads Nygård / NRK

På Ciderhuset kan gjestane vere med i frukthagen og følgje produksjonen tett.Før dei kan nyte eit glas fruktvin, pære- eller eplesider i tunet medan dei ser utover Sognefjorden.

– Vi samanliknar oss med vingardar i Frankrike, og der syns nordmenn også at det er naturleg å kunne kjøpe med seg ei flaske heim av det ein har sett og smakt produksjon av, seier Høyvik.

No håpar dei at lovendringa skjer så snart som råd.

– Frå 2015 fekk vi lov å selje drikke med alkoholprosent på 4,7 prosent. Etter det tredobla vi omsetnaden i gardsbutikken. Eg trur endå fleire vil kjøpe no.