Hopp til innhold

Vågar ikkje tru på ministeren sin alkohollovnad

Regjeringa lovar å gjere noko med strenge salsreglar for småbryggeria. – Eg trur det ikkje før eg ser det, seier Åge Eitungjerde ved Ciderhuset i Balestrand.

Åge Eitungjerde

HÅPAR, MEN TVILAR: Kinn, Ægir og Ciderhuset har alle vunne prisar for produkta sine, men får ikkje selje sterk alkohol frå eigne fabrikkutsal. – Det er flott, for all del, at landbruksministeren er positiv. Men det kjem ikkje til å skje noko, seier Åge Eitungjerde ved Ciderhuset om regjeringa sin lovnad om å revurdere regelverket.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Balestrendingen vågar ikkje heilt å tru på regjeringa sin lovnad om å mjuke opp reglane for alkoholsal frå småbryggeria.

– Då tenkjer eg at dette har eg høyrt før, seier Åge Eitungjerde ved Ciderhuset.

Sagt i 2010

Og han har nok kanskje rett i det. For i 2010 stod dåverande landbruksminister, Lars Peder Brekk (Sp), for den offisielle opninga av Balestrand sitt eige, lovlege, fruktvinsbrennevinsproduksjon .

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli-Grete Høivik, Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde

2010: Lars Peder Brekk (i midten) opna Ciderhuset i Balestrand. Her saman med Eli-Grete Høivik og Åge Eitungjerde.

Foto: Robert Jan Leerink

Då uttala Brekk:

– Eg er oppteken av at vi skal sjå på dette regelverket, men er samstundes oppteken av at vinmonopolet skal bestå. Vi skal greie ut dette, for vi ser at det kan gi auka verdiskaping i desse verksemdene.

Sagt i 2014

Noko nærare løysing kom ein ikkje lemping på dagens strenge regelverk.

Og næringa er budd på å halde fram ein årelang kamp , sjølv om landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) under eit mikrobryggeribesøk i Voss gjekk langt i å love småbryggeria legalisering av fabrikkutsal og marknadsføring av sterkare alkohol.

– Vi vil no gå igjennom regelverket, sa ministeren.

Opna for marknadsføring

Landbruksminister Sylvi Listhaug

MINISTER: Sylvi Listhaug (Frp).

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

For i dag får ikkje småbryggeri som Kinn, Ægir og Ciderhuset selje sterk alkohol. Berre varer tilsvarande vanleg butikkøl i styrke. Alt anna må på vinmonopolet.

Under besøket på Voss opna også statsråden for at produsentane kan få omtale eigne produkt på eigne nettsider. Noko dei heller ikkje kan i dag.

– Det hadde vore ein fordel både for dei som produsere og dei som konsumerer, sa Listhaug.

– Gode signal, men ...

Espen Lothe.

KINN: Espen Lothe etablerte Kinn bryggeri i 2009.

Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

– Det er veldig gode signal for oss. Mange av øltypane våre er over 4,7 prosent, og då hadde det vore kjekt å kunne selje det direkte frå produsent, seier Espen Lothe ved Kinn Bryggeri i Florø.

Både Lothe og Eitungjerde i Balestrand håpar noko skjer. Men dei trur det ikkje før dei ser det.

– Norske politikarar har eigentleg overlate heile denne problemstillinga til EU, seier Eitungjerde.

Vinmonopolet skal bestå

For skal ein selje sterkare alkohol, små må Vinmonopolet vekk, seier EU. Og, som Brekk i 2010, er også Listhaug oppteken av at Vinmonopolet skal bestå.

– Så vi må gjere endringar som då er innanfor regelverket som EU pålegg oss, sa ho på Voss.

– Det er flott, for all del, at landbruksministeren er positiv. Men det kjem ikkje til å skje noko, avsluttar Eitungjerde.