Hopp til innhold

– Dei lova oss DAB-dekning og vi var dumme nok til å tru på det

Fleire innbyggarar på Stadlandet føler seg oversett i DAB-utbygginga. 21. juni 2017 vart FM-nettet sløkt i Sogn og Fjordane. Marita Aarvik har ikkje høyrt ei heil radiosending sidan.

DAB-dekning minst 50 km ut fra kysten, viser målinger.

MANGLAR DAB-DEKNING: Etter at FM-nettet blei slokka har det vore stille i radioane til mange på Stad. Dei som siglar rundt det vêrharde Stadlandet har heller ikkje mogelegheit til å få med seg viktige meldingar.

Foto: Gunnar Garfors / NRK

– Dette er for dårleg! Ein kan ikkje sløkker FM-nettet utan å vere sikre på at heile landet har DAB-dekning. Eg er sikker på at det ikkje berre gjeld her. 99.9 prosent av landet burde ha dekning før FM-nettet blei slokka, seier Marita Aarvik frå Stad.

Marita Aarvik

IKKJE NØGD: – Vi på Stad er leie av å hamne bakerst i køen, seier Marita Aarvik. Før har dei hatt problem med mobildekninga og TV-signal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dei lovar og lyg. Det synast ikkje vi som bur her noko om, seier ho.

Dersom ho stiller seg på enkelte stadar kan ho få inn eit svakt signal.

– Men å høyre ei heil sending er umogeleg.

Avhengig av informasjon

Stad er vêrutsett og mangel på informasjon kan få konsekvensar.

– Skal vi få ekstremt dårleg vêr, som vi er utsette for her, har vi ikkje mogelegheiter til å få varsel. Det er ein sikkerheitsrisiko at vi ikkje har DAB-dekning i dag, seier Aarvik.

Manglande DAB-dekning har gjort det meir risikofylt for sjøfarande rundt Stadten. Viktige beskjedar og vêrvarslinga får ein ikkje inn.

– Det vart lova at i alle fall stadane Årvik og Honningsvågen skulle få ordna dekning. Det var vi nok litt dumme som trudde på. Det har ikkje skjedd noko. Vi begynner å bli frustrerte ettersom vi har hamna bakarst i køen, seier Aarvik.

NRK DAB – informasjon og hjelp om DAB

Solnedgang ved Stad

VAKKERT OG VÊRUTSETT: Marita Aarvik fortel at enkelte stadar på ytre Stad er såkalla «skyggesider». Der er mobildekninga dårleg, TV-signalet manglar og no er der heller ikkje radio. – Enkelte turistar synast det er litt vel dårleg. Dei har ikkje tilgang til noko som helst.

Foto: Ottar Ekremsæter

Skal ordne opp

– Vi har nokre lokale stadar på Stadlandet der vi har sett at det manglar DAB-dekning. Det har vi teke konsekvensen av, seier Petter Hox, sjef for radiodistribusjonen i NRK.

Tre sendarar har blitt bestilt.

– Vi har nokre hol vi må få tetta. Dette er i prosess og eg håpar det ikkje skal ta alt for lang tid før vi har den nødvendige DAB-dekninga på Stad, seier Hox.

Petter Hox

SKAL ORDNE OPP: – Tre sendarar er på veg. Desse skal vi setje opp så raskt som råd, seier Petter Hox.

Foto: NRK

Han anslår at ting er på plass i løpet av eit par månadar.

– Årsaka til manglande dekning er at vi ikkje såg behovet i første omgang. Etter tilbakemelding frå publikum har vi innsett at dette må ordnast opp i.

Hox seier at det ikkje berre er å gå i butikken og kjøpe ein sendar. Det tek tid å få alt på plass.

– Generelt har vi god dekning i fylket, men her trefte vi ikkje blink i første omgang. Men no skal tre sendarar setjast opp, seier Hox.