Skulane i
av den landsomfattande lærarstreiken.Frå onsdag av kan ungdomsskuleelevane i kommunen likevel få kome i gang med læringa.
- LES OGSÅ:
– Vi har skal gje tilbod, både på Førde ungdomsskule og på Halbrend skule, om å dele ut bøkene i dei to kjernefaga norsk og matematikk, seier kommunalsjef Helge Sæterdal til NRK.no.
Frykta streikebryting
Over 7.800 lærarar frå Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Musikernes fellesorganisasjon og Norsk Lektorlag er tekne ut i streik. 100.000 elevar ved over 200 skular er råka.
Etter kvart som streiken har trekt ut, har
. I Førde var dei redde at det kunne vere streikebryting å dele desse ut, ettersom dette er ei oppgåve som lærarane normalt plar gjere.- LES OGSÅ:
– Vi har fått avklara dette i høve til streikebryting. Når kommunalsjefen gjer det personleg, så blir det ikkje definert som streikebryting, seier Sæterdal.
Ulike tidspunkt
Kommunen har også avklara at dei har kapasitet til å dele ut bøkene ved Førde ungdomsskule og Halbrend skule.
– Det går dersom elevane kjem til litt ulike tider, seier kommunalsjefen og legg til at elevane ved Førde ungdomsskule får bøkene mellom klokka 08 og 12, medan elevane på Halbrend får bøker frå 12 og utover.
- LES OGSÅ:
– Vi har etter kvart fått ganske mange førespurnader frå foreldre som har ungar som vil komme i gang med læringa. Det tykkjer vi er positivt, og då må vi medverke på vår måte så dei ikkje taper for mykje læring, legg han til.
Mange vil starte arbeidet
Sæterdal trur både foreldre og elevar er glade for at dei no kan byrje å bla i pensumbøkene og førebu læringsarbeidet.
- LES OGSÅ:
Han trur også at ein god del av foreldra vil setje foreldra i gang med arbeidet.
– Det er klart at det går ut over læringa og eg tykkjer det er flott at ungdomen etterspør, og at motivasjonen er på topp for å komme i gang med læringa, seier han og avsluttar:
– Så må vi beklage at streiken går utover elevane si læring, men streik er lovleg verkemiddel så det må vi akseptere og så får vi gjere det beste ut av det.