Hopp til innhold

3 millionar spart på streiken: - Håpar pengane går til noko godt

Etter to veker med streik har Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Førde kommune spart kring tre millionar kroner i lønsutgifter. – Håpar pengane går til noko nyttig, seier lærarane.

Streikevaktene i Førde håpar dei sparte lønsutgiftene går til noko nyttig.

FORNUFTIG: Pengane som arbeidsgjevarane sparar på streiken, håpar lærarane Torhild Hjellbakk, t.v. og Ida Marie Grepstad Åmot, går til noko godt, som tilbake til skulane.

Foto: Eli Eiknæs Vengen

– Det er veldig mykje, så eg håpar dei pengane går til noko godt. Vi får håpe det går tilbake til område der folk treng det, til dømes i skulen og andre område med lågt budsjett som treng meir ressursar, seier Ida Marie Grepstad Åmot og Torhild Hjellbakk.

Fredag sat dei to, som til vanleg er ungdomsskulelærarar ved Førde Ungdomsskule, streikevakt utanfor rådhuset i Førde. Der passa dei på at alt gjekk greitt føre seg, og informerte forbipasserande om kvifor lærarane er i streik. Lærarstreiken er inne i si andre veke, noko som betyr at det er pengar spart for kommunar og Fylkeskommunar i heile landet.

Kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal, hadde helst sett at streiken ikkje var eit faktum.

SPARER: Førde kommune har til no spart over 1,5 millionar kroner på lærarstreiken, men kommunalsjef, Helge Sæterdal, ville helst ha betalt ut løna som vanleg til lærarane.

Foto: Eli Eiknæs Vengen

– Ville helst brukt pengane til lønningar

Fire etasjar over dei to sit kommunalsjef i kommunen, Helge Sæterdal. Han har rekna seg fram til at Førde kommune, som har to skular ute i streik, sparer kring 2000 kroner dagen per lærar på streiken.

– Eit grovt overslag vi gjorde no syner at vi har spart kring 1,5 til 1,6 millionar kroner, fortel han.

I tillegg til dei to barne- og ungdomsskulane i Førde, er lærarar ved Norsksenteret, Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule ute i streik. Dermed har også Fylkeskommunen spart kring 1,4 millionar kroner.

Trass i at streiken betyr sparte lønnsutgifter for kommunen, skulle Sæterdal helst vore innsparinga forutan.

– Vi skulle helst hatt lærarane på skulen og gitt elevane undervisning, enn å spare pengane. Det er ikkje noko glede når vi tenkjer på at elevane ikkje får den undervisninga dei skal ha, seier kommunalsjefen.

Kva pengane skal gå til, er han derimot ikkje sikker på enno.

– Det har vi ikkje diskutert i det heile tatt. Vi får sjå når vi gjer opp status for året. Augustløna er utbetalt, så det er først når vi trekk frå på oktoberlønna at det blir reelle pengar, fortel han.

Artikkelen held fram under videoen:

Her ser ein frå utanfor Hafstad vidaregåande skule i Førde og samling inne i ungdomsshuset Viking.

Kan halde på lenge med stor streikekasse

Medan streiken går føre seg er det dei ulike forbunda til lærarane som betaler ut løn. I heile landet har 5500 lærarar streika sidan 1. august. Til og med torsdag hadde dei råka kommunane spart til saman 125 millionar kroner. Fredag gjekk ytterlegare 2200 nye lærarar ut i streik, og dei kommunane som er råka av streiken vil dermed spare totalt 20 millionar kroner dagen så lenge streiken held fram.

Utdanningsforbundet er godt budde på ein langvarig streik. Streikekassa er bygd opp gjennom fleire år, og er no på over 700 millionar kroner.

– Vi er ein stor organisasjon som har bygd opp streikefond i mange år. Og som alltid, er det varsla at det kan kome ein streikekontingent. Systemet og apparatet er solid, så vi kan halde på lenge, seier Sissel Sande, som er streikeleiar for Utdanningsforbundet sine medlemmar i grunnskulen i Førde.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø, seier at dei pengane arbeidsgjevarane sparer er ein naturleg konsekvens av streiken.

– Eg trur vi kan snu det på hovudet, dei taper mykje på det, som elevane sin rett til undervisning. Det er eit stort ansvar å søgje for at elevane får det dei har krav på. Så at elevane taper opplæring trur eg er ei større byrde, seier Haugsbø.