I alt 5.500 lærarar ved 132 skular går måndag ut i streik grunna arbeidskonflikten mellom Utdanningsforbundet og KS.
Dersom kommunane ynskjer det, krev KS at lærarane fordeler arbeidstida si over fleire veker enn i dag og ha vanleg kontortid på 37.5 timer i veka på skulen. Utdanningsforbundet meiner dei treng den fleksible arbeidsdagen dei har i dag for å gjere ein god jobb.
Og ordførarane i fylket støttar dette.
– Eg hadde håpa at dei hadde større forståing for læraryrket og lærarprofesjonen sin eigenart, og viste meir respekt for vår jobb og viktigskapen av det, seier streikeleiar Sissel Sande ved Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.
Har mykje støtte
Forbundet er med sine 160.000 medlemer Norges nest største fagforeining. Dei fryktar endring av arbeidstida gir ein dårlegare skule. Difor blir også
.STØTTAR: Jan Geir Solheim støttar KS sitt krav.
Foto: Torbjørn Selseng / NRKEi ringerunde NRK har gjort viser nemleg at 65 prosent av ordførarane i fylket støttar framlegget frå Kommunesektorens organisasjon. Kring 15 prosent er skeptiske, medan resten ikkje har teke noko standpunkt.
Sande seier at dei likevel har mykje støtte.
- LES OGSÅ:
– Eg føler vi har støtte i opinionen, medlemsmassen sjølvsagt og skuleleiarar. Politikarar må ta dette innover seg, men dei er kanskje styrt frå sentralt hald også, seier ho.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
SJÅ: Lærarane går ut i streik. Reporter: Vidar Gudvangen/Foto: Arne Stubhaug
Ein mot – ein for
KS krev at lærarane skal ha vanleg kontortid, medan Utdanningsforbundet etterlyser ein fleksibel arbeidsdag for at lærarane skal kunne gjere jobben sin.
LIKAR IKKJE: Ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde (Ap), tykkjer det er ein dårleg idé å endre dagens ordning.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKJan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, som tidlegare har jobba i skulestellet, støttar KS. Han trur ryddigare arbeidstid er ein fordel.
– Dette blir eit meir ordna system, seier han.
Ordførar Jan Olav Gjerde er den einaste som NRK har snakka med, som ikkje ser noko grunn til å endre dagens ordning.
– Eg tykkjer vi har ein avtale med lærarane som fungerer godt, og som har vore eit viktig bidrag til å rekruttere lærarar inn i yrket. Eg ser ingen grunn til å endre på det, seier han.