Hopp til innhold

Bergen står utan overnattingstilbod for fattige: Sov utanfor rådhuset i protest

– Ingen skal måtte sove ute i Bergen, sa inkluderingsbyråden måndag. Men onsdag morgon kunne politikarane i byen sjå åtte bustadlause som hadde overnatta ved rådhuset.

Fleire fattige tilreisande sover utanfor rådhuset i Bergen

SØV UTE: Fleire sov utanfor rådhuset i Bergen natt til onsdag. Årsaka er at dei ikkje har noko anna plass å vera.

Foto: Cato Heldal Kristensen

– Det har vore kaldt, med mykje regn og vind, seier Marcos Amano, dagleg leiar for Robin Hood-huset i Bergen.

Saman med åtte bustadlause har han sove utanfor rådhuset i natt.

Årsaka er at Kirkens Bymisjon har stengt ned overnattingstilbodet for fattige tilreisande frå Europa, på grunn av manglande lokale. I ny år har dei tilbydd overnatting.

No er det slutt.

Årsaka er at det ikkje har lukkast kommunen å få på plass eit tilsvarande tilbod før dørene hjå Bymisjonen stengde for godt 1. november.

Den mellombelse løysinga: Dei som ynskjer å reise heim på dagen kan få hjelp til det. Om dei ikkje vil heim, får dei heller ikkje noko anna tilbod.

– Eg håpar kommunen skjønnar dette ikkje går, og kjem opp med ei mellombels løysing til ei permanent løysing er på plass, seier Amano.

Åtte gatearbeidarar sov utanfor rådhuset i Bergen

Åtte heimlause sov utanfor rådhuset i Bergen natt til onsdag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Slutt på overnatting

NRK møtte Romanske Valeriu då han pakka saman sakene sine etter ei siste natt hos Kirkens Bymisjon sitt overnattingstilbod tysdag.

For 15 kroner natta har han og andre fattige tilreisande fått ei tørr og varm seng.

– Det er fint å kome inn her. Det er trygt. Det er sikkert, seier Valeriu.

Natt til torsdag sov Valeriu ute saman med Amano og dei andre.

Valeriu

For 15 kroner natta har Valeriu og andre fattige tilreisande fått ei tørr og varm seng.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Finn ikkje lokale

Tilbodet har vore i fare lenge, seier avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, Kristine Moskvil Thorsen.

– Det har vore vanskeleg å få tak i ordentlege lokale. Då leigeavtalen vår for Nedre Korskirkeallmenning gjekk ut i mai, stod me utan tak over hovudet.

På oppmoding frå kommunen fekk bymisjonen nytta lokala til Blå Kors sitt dagsenter i sentrum. Der vart bord og stolar rydda vekk og madrassar lagt fram.

– Men det går ikkje i lengda. Me må ha noko handfast, både for brukarane og dei tilsette.

Ifølge Thorsen har dei leita etter lokale lenge, men anten er leigeprisen for høg, eller så får dei ikkje leige i det heile. I september bestemte dei seg difor for å avslutte tilbodet.

Valeriu får hjelp

For 15 kroner natta har Valeriu og andre fattige tilreisande i Bergen fått ei tørr og varm seng. Men frå og med 1. november blir tilbodet lagt ned.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Handlar om meir enn at folk frys

Thorsen er redd for at brukarane av tilbodet kjem til å bli utnytta, fordi dei ikkje har ein trygg plass å sove.

– Det handlar om meir enn at folk må sitte på ein benk og fryse om natta. Det er sårbare menneske, som lett kan bli utnytta.

Thorsen er bekymra for at fleire kan bli utsett for prostitusjon eller menneskehandel.

– At dei har ein trygg plass å sove kvar natt gjer at dei ikkje treng å seie ja til ulike tilbod for å ha tak over hovudet.

avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, Kristine Moskvil Thorsen.

– At dei har ein trygg plass å sove kvar natt gjer at dei ikkje treng å seie ja til ulike tilbod for å ha tak over hovudet, seier Kristine Moskvil Thorsen i Kirkens Bymisjon.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Får hjelp til å reise heim

– Ingen skal måtte sove ute i Bergen.

Det sa inkluderingsbyråd Katrine Nødtvedt (MDG) i Bergen til NRK måndag.

Likevel har ikkje kommunen klart å etablere eit nytt tilbod for Valeriu og dei andre brukarane.

– Me har forsøkt å samarbeide med Kirkens Bymisjon om å finne eit nytt lokale, men me har ikkje lukkast, dessverre.

Nødtvedt seier brukarane kan få oppsøke Nav for å få hjelp til heimreise. Då får dei også tilbod om overnatting fram til heimreisedato.

Men mange av brukarane vil bli i Bergen for å tene pengar. Kva tilbod får dei?

– Slik det er no har me ikkje noko tilbod til dei som vil bli. Men ingen skal måtte sove ute i Bergen, poengterer byråden på nytt.

Les også - Mindre verdt enn søppel

Test

Har ikkje noko anna val

For Valeriu er det ikkje eit alternativ å reise heim til Romania. Han har to søner, ei kone og fleire barnebarn i heimlandet, som er avhengige av det han tener i Bergen.

I heimlandet får han ikkje jobb. Å tigge i Bergen har vore redninga.

– Eg vil ikkje tigge. Men eg må. Når familien seier dei ikkje har råd til brød. Kva skal eg gjere?

Han håpar tilbodet om overnatting kjem tilbake igjen før vinteren slår inn.

Les også - Mindre verdt enn søppel

Test