Hopp til innhold

Stengjer ikkje byggjeplassar, men innfører strenge reglar

Byggjebransjen i Bergen må ikkje stenga ned, men får dei strengaste reglane i landet. Mellom anna forbyr kommunen folk å jobba på fleire enn ein byggjeplass.

SJÅ PRESSEKONFERANSEN: Den digitale pressekonferansen med byrådet i Bergen starta klokka 19.00 tysdag.

– Byrådet har i kveld vedteke dei strengaste smitteverntiltaka i Noreg for byggjebransjen, seier byrådsleiaren.

Dei har no vald å innføra Byggenæringens Landsforening (BNL) sin smittevernrettleiar som forskrift.

Men Bergen har gjort om bør-tiltaka til må-tiltak. Dermed blir det ulovleg å bryta dei, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

– Noko av det viktigaste er at me forbyr folk å arbeida på meir enn ein arbeidsplass så lenge forskrifta gjeld.

Pasient 0 til det sørafrikanske, muterte viruset som har spreidd seg på fleire byggjeplassar i Bergen den siste veka, er enno ukjend.

Frykta for at viruset skulle ha spreidd seg til fleire byggjeplassar, er bakgrunnen for at byrådet vel å innføra tiltaka.

Fantoft stasjon korona byggeplass

FANTOFT: Den sørafrikanske virusmutasjonen har spreidd seg blant arbeidarane på byggjeplassen Fantoft stasjon.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Reglane gjeld ut februar

Andre sentrale punkt i forskrifta er mellom anna:

  • Talet personar som er til stades på byggjeplassen skal avgrensast til det talet personar som er heilt nødvendig for drifta.
  • Det skal vera vakthald på byggjeplassen som går kontrollrundar kvar time som ser til at avstandskrav og andre smittevernreglar til ei kvar tid vert følgde.
  • Det skal vera lett tilgjengeleg munnbind og handsprit på byggjeplassen.
  • Arbeidarar skal sikra at det er minst 2 meter avstand til andre personar på byggjeplassen. Når det er fare for at avstandskravet ikkje kan følgjast, skal det brukast munnbind.
  • Det skal førast liste over alle som har vore på byggjeplassen, med oversikt over tidspunkt og dato dei har vore på byggjeplassen.

Den fagleg vurderinga i Bergen er at ein lokal nedstenging av byggjebransjen ikkje var tilrådd, då bergensregionen fungerer som ein bu- og arbeidsmarknad.

Forskrifta gjeld der meir enn tre arbeidarar er til stades samstundes. Ho varar fram til 28. februar. Brot på reglane kan straffast med bøter eller fengsel i inntil seks månader.

– Ikkje for å vera greie

– Me lar ikkje vera å stengja ned for å vera greie. Me kunne stengt ned, men det kunne ført til uønskte verknader, seier helsebyråd Beate Husa.

Ho er bekymra for at arbeidarar under ei nedstenging kunne ha valt å reisa tilbake til heimlandet, for så å ta med seg smitte på veg tilbake til Noreg.

Husa ber også nabokommunane vurdera å følgja etter.

– Me har ei reell frykt om at arbeidarane hadde teke seg arbeid i nabokommunane. Det ville også vore risiko for at byggjearbeidarar ville teke arbeid hjå mindre seriøse aktørar som tar sjansen på å arbeida trass i forbodet, seier Valhammer.

Valhammer gjorde det under pressekonferansen klart at han var skuffa over at regjeringa ikkje ville laga ei regional forskrift.

– Ei full lokal nedstenging i Bergen kunne gjort det vanskelegare for oss å halda kontrollen, seier Valhammer.

Roger valhammer

STRENG: Byrådsleiar Roger Valhammer presenterte måndag kveld dei strengaste smitteverntiltaka i Noreg for byggjebransjen på ein digital pressekonferanse.

Foto: skjermdump

Byggjebransjen nøgde med å ikkje bli stengt ned

– Vedtaket som byrådet har gjort er som musikk i våre øyrer. Me trur det hadde blitt kaos om bransjen hadde blitt stengt heilt ned, seier leiar i Unionen fagforeining, Jorge Alex Dahl, til NRK tysdag kveld.

Han seier bransjen kjenner BNL sin smittevernrettleiar særs godt.

– Men det vil heilt klart bli ei utfordring på ein del byggjeplassar. Det vanskelegaste å overhalda blir nok å berre halda seg på eitt anlegg, seier Dahl.

Til dømes er små handverksbedrifter er rundt om på mange byggjeplassar.

Jorge Alex Dahl i Unionen fagforening

KUNNE BLITT KAOS: – Me trur det hadde blitt kaos om bransjen hadde blitt stengt heilt ned, seier leiar i Unionen fagforeining, Jorge Alex Dahl.

Foto: Ingvild Beate Bergaplass / NRK

– Slik gjorde me på 60- og 70-talet

Det kan også bli utfordrande med nok plass.

– Eg veit at det er ein del byggjeplassar som kjem til å slita. Eg har fått melding frå bekymra medlemmer som er på ein byggjeplass der det var liten plass til skifting og eting. Dei fekk i dag beskjed om at dei måtte skifta og eta der dei jobba grunna smitteverntiltak.

– Det er ikkje haldbart, det er slik me gjorde på 60- og 70-talet, seier Dahl.

Også BNL er nøgde med avgjerda.

– Ei generell nedstenging ville vera eit lite målretta tiltak som også ville gitt store samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar for både næringa, prosjekt og kundane, seier Jon Sandnes, administrerande direktør i BNL i ei pressemelding tysdag kveld.

Jon Sandnes, administrerende direktør i Byggenæringens Landsforening.

NØGD: Jon Sandnes, administrerande direktør i BNL, er godt nøgd med Bergen kommune si avgjerd.

Foto: Moment Studio