Hopp til innhold

No aukar nettleiga for meir enn éin million nordmenn – her er fire spørsmål og svar

No må mange betala ein 100-lapp meir i månaden for å få straumen frakta til seg.

Bergen

BERGEN: Bergen er ein av byane som får straumen levert av BKK.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Straumprisane er høge, inflasjonen er høg og no aukar òg prisen på nettleiga for nesten heile Sør-Noreg.

BKK og Elvia, som leverer straum til Vestland, Innlandet, Oslo og Viken, aukar nettleiga.

Kobler ut fryseboks og varmtvannstank når strømmen er dyrest

Det er den perfekte storm for den norske forbrukar for tida.

Men kva er eigentleg grunnen til at nettleiga aukar, og kva har det å seie for meg og deg?

Kva er «nettleige»?

Nettleige er prisen du betalar for å få straum overført til huset ditt, ifølge Norsk vassdrag- og energidirektorat.

Nokon brukar òg omgrep som tariff eller overføringstariff, men det er det same.

Når du kjøper straum betalar du for to produkt.

Du betalar kraftpris for straumen du kjøper frå kraftleverandøren du har valt. I tillegg betalar du nettleige til det lokale nettselskapet for transport av denne straumen.

BKK nett driftar straumnettet som går frå Sunnfjord i nord til Etne i sør, og Elvia store delar av Austlandet.

Dette er fyrste gong BKK nett aukar nettleiga sidan sommaren 2017.

Oslo sentrum opplyst om kvelden, sett fra Ekebergutsikten

OSLO: Det kjem til å kosta litt meir å halde lyset på i hovudstaden frå 1. mai.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kvifor aukar nettleiga?

Ifølge kommunikasjonsdirektør i BKK nett, Svein Ove Søreide, er det på grunn av høge straumprisar.

– Me har eit tap av straum i nettet, som er uunngåeleg. Det tapet må me kompensera for, seier Søreide til NRK.

Svein Ove Søreide, BKK

STRAUM: Svein Ove Søreide er kommunikasjonssjef i BKK.

Foto: BKK

Når straum blir frakta over lengre distansar, forsvinn ein del. Dette er kalla nettap.

Slike tap er umogleg å gjera noko med, då dei er bestemt av dei strengaste lovene som finst: Dei fysiske lovene.

I 2021 var kostnadane for nettap fem gongar høgare enn året før.

BKK er ikkje det einaste nettselskapet som aukar prisane.

Elvia, med over ein million kundar, aukar med rundt fem øre per. kilowatt frå 1. mai.

Kor mykje dyrare blir det?

Mellom 10 og 12 prosent. Jo meir forbruk, jo høgare nettleige.

Ein gjennomsnittleg privatkunde i BKK brukar rundt 20 000 kilowattimar i året. Då hadde prisen for nettleige blitt 10–253 kroner inkludert avgifter.

Med ny pris blir denne summen 11.476.

Les også Kraft-Noreg samde om ny nettleige – men éin signatur manglar

Sol og strøm

Altså blir det litt over 1200 kroner dyrare per år, og er ganske nøyaktig ein hundrelapp ekstra i månaden.

Bilete av ein straumprisapp

DYRT: Snittprisen på straum i 2020 var 11,6 øre per kilowattime. I 2021 og 2022 har den vore langt høgare.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Har ein eit lågare straumforbruk, som til dømes 10 000 kilowattimar, blir det rundt 50 kroner i månaden.

Kan nettleiga auke evig?

Nei.

Sjølv om det er nettselskapet som bestemmer nettleiga, er Reguleringsmyndigheitene inne og kontrollerer.

Dei passar på at inntekta som nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt for sine kundar.

Grunnen til dette er at nettselskapet har monopol i sine område.